Øystein Bråten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Øystein Bråten
Statsborgarskap Noreg
Fødd 21. juli 1995 (27 år)
Ringerike kommune
Idrett freestylekøyring
Tok del i

Vinter-OL 2014, Vinter-OL 2018

Øystein Bråten (fødd 21. juli 1995) er ein norsk freestyleutøvar frå Torpo i Buskerud som tevlar i slopestyle. Han vart olympisk meister i øvinga under Vinter-OL 2018 i Pyeongchang og gjekk i 2017 til topps i Vinter X-games i Aspen i USA.

Bråten deltok i Vinter-OL 2014 i Sotsji der han vart tiandemann i slopestyle. Under X-games 2016 i Aspen kom han på bronseplassen i same øvinga. Vinteren 2017 lukkast han vinne slopestyle i X-games både i Aspen og i Hafjell i Øyer kommune. OL-sesongen 2018 tok han i Aspen sølvmedaljen i så vel slopestyle som luftsvev (big air), i begge tevlingane møtte han sin overmann i svenske Henrik Harlaut. Under Vinter-OL 2018 i Pyeongchang smelte Bråten til med med 95 poeng i den fyrste omgangen, noko som gav han gullmedaljen i slopestyle.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]