Pyeongchang
| Pyeongchang Hangul 평창군 Hanja 平昌郡 RR Pyeongchang-gun MR P'yŏngch'ang-gun | |||
| Fylke | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Provins | Gangwon | ||
| Koordinatar | 37°22′N 128°24′E / 37.367°N 128.400°E | ||
| Areal | 1 464,23 km² | ||
| Folketal | 40 427 (2015) | ||
![]() Pyeongchang 37°22′08″N 128°23′25″E / 37.368888888889°N 128.39027777778°E | |||
| Wikimedia Commons: Pyeongchang | |||
Pyeongchang[a] er eit fylke i provinsen Gangwon i Sør-Korea.
Fylket ligg i Taebaekfjella med høgder på frå 800 til 1000 meter over havet, noko som gjer staden til ein god vintersportsstad. Det finst fleire buddhisttempel i området, blant anna Woljeongsa. Pyeongchang ligg 180 km austom Seoul.
Fylket vart arrangør av Vinter-OL 2018, etter å ha søkt om dette to gonger tidlegare og tapt. Pyeongchang er den tredje asiatiske arrangørstaden for Vinter-OL etter dei to japanske byane Sapporo og Nagano.

22. juni 2006 var byen ein av tre finalister til å få arrangere Vinter-OL 2014, men tapte kampen saman med Austerrike med Salzburg mot russiske Sotsji. Pyeongchang har tidlegare tapt kampen om å få arrangere Vinter-OL 2010. Staden arrangerte VM i skiskyting 2009. Fylket bestemte seg tidleg for å delta i konkurransen om Vinter-OL 2018,[1][2] OL-søknaden er bygd rundt vintersportsstaden Alpensia Resort.[3] etter å ha tapt avstemminga om å få verta arrangørstad i 2014. IOK valde byen som ein av tre kandidatar til å få arrangere vinter-OL i 2018, der dei to andre var München og Annecy. Avgjerda om kven som fekk arrangementet, vart teken i Durban 6. juli 2011.
Merknadar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Koreansk uttale [pʰjʌŋtɕʰaŋ]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «PyeongChang Warming Up for 2018 Winter Olympics - The Korea Times», www.koreatimes.co.kr (på engelsk), 15. februar 2009, henta 18. oktober 2025
- ↑ «PyeongChang Submits Application File to IOC - The Korea Times», www.koreatimes.co.kr (på engelsk), 10. mars 2010, henta 18. oktober 2025
- ↑ «Nordic skiing steadily growing in popularity». Yonhap News Agency. 16. februar 2011. Henta 16. februar 2011.
- Denne artikkelen bygger på «Pyeongchang» frå Wikipedia på bokmål, den 11. februar 2018.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Generelle
[endre | endre wikiteksten]Olympiske
[endre | endre wikiteksten]- (en) (ko) PyeongChang 2018
- (en) GamesBids.com om Pyeongchang
