Vinter-OL 2014

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vinter-OL 2014
RIAN archive 166989 Sochi.jpg
Vertsby Sotsji i Russland
Nasjonar 88
Idrettsgreiner 7
Opna 7. februar 2014, av Vladimir Putin
Avslutta 23. februar 2014
Utøvarar
Menn 0
Kvinner 0
Totalt 0
Dei olympiske vinterleikane


Sotsji sin OL-logo (utan ringane)
Russisk frimerke frå 2012 med OL-maskotane

Vinter-OL 2014 vart arrangert 7.23. februar 2014 i Sotsji i Russland som dei 22. olympiske vinterleikane. IOC avgjorde dette 4. juli 2007 på eit møte i Guatemala by.

Idrettsgreiner[endre | endre wikiteksten]

Søknader[endre | endre wikiteksten]

Da søknadsfristen gjekk ut 28. juli 2005 hadde Almaty (Kasakhstan), Borjomi (Georgia), Jaca (Spania), Sofia (Bulgaria), Sotsji (Russland), Pyeongchang (Sør-Korea) og Salzburg (Austerrike) levert inn søknader. I tillegg hadde det vore diskutert i Noreg og Sverige om ein skulle søkje. I Noreg stod det mellom Lillehammer eller Tromsø. Forkjemparar for eit OL i Tromsø jobba for å få til ein søknad, men regjeringa og Stortinget sa nei til statsstøtte til prosjektet.

Almaty, Borjomi, Jaca og Sofia vart eliminert av IOC 22. juni 2006. I «finalen» 4. juli 2007 rauk Salzburg ut i den første avrøystinga, slik at valet altså stod mellom Sotsji og Pyeongchang i omrøystinga. Det var Sotsji som tok sigeren.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Vinter-OL 2014