Hopp til innhald

Øystein Brekke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Øystein Brekke

Statsborgarskap Noreg
Fødd 22. mars 1956 (68 år)
Yrke forfattar, sjakkspelar

Øystein Brekke (fødd 22. mars 1956) er ein norsk sjakkspelar, sjakkorganisator, turneringsarrangør og turneringsleiar, sjakkskribent, sjakkbladredaktør, sjakkbokforfattar, sjakkhistorikar, eigar av den største sjakkbutikken i Noreg og av Norsk Sjakkforlag. Han har vore aktiv i eit fleirtal av desse rollene sidan tidleg på 1970-talet. Som følge av innsatsen for norsk sjakk vart han æresmedlem både i Norges Sjakkforbund i 2010 og i Ungdommens Sjakkforbund i 2013.[1]. Øystein Brekke er frå Gjøvik, men har mesteparten av sitt vaksne liv budd i Modum. Brekke har vore leiar av Sjakkhistorisk forum sidan dette vart skipa 7. juli 2011.[2]

Sjakkspelaren og sjakkorganisatoren

[endre | endre wikiteksten]

Øystein Brekke var sentral i at Norsk Sjakkblad vart reetablert i 1975, og var også redaktør i 1975-79, seinare også delvis i 1981 og 1986, samt i 2000 til ut i starten av 2001.[3] Brekke var generalsekretær i Norges Sjakkforbund og Norges Sjakkforbunds Ungdom (no USF) i perioden 1982–88.[4] Han er turneringsarrangør og har arrangert eit stort tal norske sjakkturneringer, mellom anna noregsmeisterskapen i sjakk på Lillehammer i 2013.[5] Øystein Brekke er eigar av Norsk sjakkforlag (skipa 1988) og Sjakkbutikken (skipa 2005). Øystein Brekke er sjølv ein sterk sjakkspelar med solid meisterklasserating.[6]

Sjakkbokforfattaren

[endre | endre wikiteksten]

Øystein Brekke har pr. mai 2021 skrive 21 sjakkbøker, deriblant Nordisk sjakk i 100 år (1999), Sjakkmesteren Svein Johannessen (2010), Norske sjakktrekk. Norges Sjakkforbund 100 år 1914-2014 (2014), Lær sjakk – Fra begynner til turneringsspiller (2018) og The Saga of Fridrik Olafsson (2021).

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]
  • Øystein Brekke: Norske sjakktrekk. Norges Sjakkforbund 100 år 1914-2014. Norges Sjakkforbund 2014, ISBN 978-82-991916-2-3
  1. Brekke 2014 s. 284 og 286
  2. https://sjakkhistorie.no/
  3. https://drive.google.com/drive/folders/0B6SyOv8evXnibWplaFBpVExENmc
  4. Brekke 2014 s. 284
  5. Brekke 2014 s. 305
  6. https://ratings.fide.com/profile/1500740