Øystein Rottem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Øystein Rottem
Fødd 1. februar 1946
Snillfjord
Død

5. desember 2004
København

Yrke professor, litteraturhistorikar, litteraturkritikar

Øystein Rottem (fødd 1. februar 1946 på Hemnskjel i Snillfjord i Sør-Trøndelag, død 5. desember 2004 i København) var ein norsk professor og litteraturkritikar med Knut Hamsun, kulturradikalismen og norsk etterkrigstid som spesialfelt.

Han arbeidde i fleire år (1976-1984) ved Universitetet i Tromsø, var tilsett som universitetslektor i norsk ved Københavns universitet i perioden 19851991, og var gjesteprofessor ved universitetet i Wien frå 1991 til 1992. Dei siste åra dreiv Rottem ei omfattande pedagogisk og litterær verksemd, som hovudbokmeldar for ny norsk skjønnlitteratur i Dagbladet.

Dei tre binda med etterkrigslitteratur i Norges litteraturhistorie (1995–1998) må reknast som hovudverket til Rottem, men han har også skrive biografiar om Knut Hamsun og Sigurd Hoel.

Øystein Rottem døydde av kreft 5. desember 2004 i København, der han hadde budd med familien sin sidan 1985.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

I 1999 vart han kåra til Årets litteraturkritikar av Norsk kritikerlag.[1] Han vart utnemnd til statsstipendiat i 2004, men døydde før stipendiatet vart gjeldande.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Oversikt over hvem som har vært Årets litteraturkritiker». Kritikerlaget. Henta 10. november 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]