Dagbladet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dagbladet
'''''
Dagbladet 2. januar 1905 - framside.JPG
Type: Dagsavis
Format: Tabloid
Språk:
Målform: Bokmål
Lokalavis for
Regionavis for
Riksdekkjande avis
Eigarskap: Avishuset Dagbladet AS (99%)
Dagbladet Stiftelse (1%)
Første trykk: 2. januar 1869
Opphald i produksjonen:
Siste trykk:
Opplag:

98 130 (2010) 

Politisk posisjon:
Redaksjonskontor: Akersgt. 49,
0107 Oslo
Ansvarleg redaktør: Lars Helle (2010)
Politisk redaktør: Marie Simonsen (2006)
Nyhenderedaktør: Morten Øverbye (2010)
Kulturredaktør:  (2010)
Feature-/magasinredaktør:  
Produksjonsredaktør:  
Debattredaktør:  
Administrasjonsredaktør:  
Utanriksredaktør:  
ISSN:
Pris i laussal:  
Nettstad:   Dagbladet.no

Dagbladet er ei norsk landsdekkjande dagsavis. Hagbard Emanuel Berner gav ut fyrste utgåva av avisa den 2. januar 1869. Avisa skifta format fra fullformat til tabloidformat i 1983.

Avisa er politisk uavhengig, men fram til 1970-åra var avisa nært knytt til partiet Venstre. Framleis kan det sporast ei viss kulturradikalisme i avisa. Avisa har tradisjonelt lagt vekt på å vera ei kulturavis. Samstundes prøver Dagbladet å konkurrera med særleg Verdens Gang (VG) om å vera den største laussalsavisa i Noreg.

Dagbladet.no er nettutgåva til Dagbladet og ein av dei mest trafikkerte norske nettstadane på verdsveven. Ho er den tredje nettavisa i Noreg, slått på streken av Brønnøysunds Avis, som publiserte si eiga nettutgåve to dagar før Dagbladet.no vart publisert den 8. mars 1995 og musikkavisa Panorama som publiserte si nettutgåve 1. mars same år.

Dagbladet si redaksjonelle målform er bokmål, men nokre av journalistane skriv noko nær samnorsk. Nynorsk er berre tillete i lesarinnlegg eller i debattspalter.

Særleg Dagbladet blei etter Tore Tønnes sjølvmord i 2002 av Norsk Presseforbunds granskningskommisjon kritisert for at avisas journalistikk var for overdimensjonert, personfokusert og delvis var prega av manglande presisjon og nøyaktighet. Dagbladets eigen granskningskommisjon i Tønne-saka konkluderte med at «Mengde, presentasjon, billedbruk og typografi var i overensstemmelse med slik Dagbladet ønsker å fremstå i en løpende nyhetssak».

Opplag - måndag-laurdag[endre | endre wikiteksten]

  • 2002: 191 164
  • 2003: 186 136
  • 2004: 183 092
  • 2005: 162 069
  • 2008: 123 383 (måndag-fredag)

Opplag - laurdag[endre | endre wikiteksten]

  • 2008: 208 779

Opplag - sundag[endre | endre wikiteksten]

  • 2002: 160 764
  • 2003: 162 409
  • 2004: 169 516
  • 2005: 150 846
  • 2008: 106 561

Dagbladets ansvarlege redaktørar 1945-d.d.[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Dahl, Hans Fredrik (red): Utskjelt og utsolgt - Dagbladet gjennom 125 år, Oslo 1993. ISBN 82-03-22002-9

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne medieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.