Øyvind Jørgensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Øyvind Jørgensen
Fødd 6. april 1960
Yrke dansar

Øyvind Jørgensen (fødd 6. april 1960) er ein norsk koreograf og dansar fødd i Kragerø. Han byrja karrieren sin som dansar i 1978, og i 1983 tok han hovudfageksamen i moderne dans ved Statens Balletthøgskole. Dei neste to åra studerte han vidare ved Martha Graham School of Contemporary Dance i New York, der han òg dansa med Martha Graham Ensemble under leiing av Yuriko.

I 1987 grunnla han Zakraz Dansekompani saman med koreografane Karen Foss og Ingun Bjørnsgaard. I Zakraz fungerte han både som dansar, koreograf og medprodusent fram til 1993. I 1994 grunnla han sitt eige dansekompani, Ø.J.Prod..

Øyvind Jørgensen er tildelt Statens arbeidsstipend for kunstnarar to gonger, fyrste gong i 1993 og andre gong i 2003 for ein periode på fire år.

Han har sett opp fleire danseproduksjonar med utgangspunkt i bøker, mellom anna oppsettingar som Don Quijote og Peer Gynt. I desse to har han ikkje dansa, men koreografert.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]