Øyvind Sørensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Øyvind Sørensen
61690 Øyvind Sørensen.jpg
Fødd 29. april 1887
Død

11. oktober 1962

Yrke illustratør

Øyvind Sørensen (fødd 1887 i Fredrikstad, død 1962) var ein norsk teiknar. Han blir rekna av fleire som Noregs første avisteiknar.

Sørensen var tilsett i Aftenposten 1909–1914 og 1918–1962, og i VG 1914–1918. Han vart særleg kjent for sine treffsikre portrett, mellom anna i Aftenpostens A-magasinet. Han teikna òg i vekebladet Urd, i vittigheitspressa og i andre vekeblad og julehefte. Han illustrerte over 60 bøker, m.a. Henrik Haugstøl sine bøker om det gamle Christiania. Mest kjent er hans illustrasjonar til Trangviksposten (4.–7. samling), som han vart knytt til i 1914. Dessutan deltok han på ei rekke utstillingar med frittståande arbeide, og er representert i Nasjonalgalleriet.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Nilsen, Harald. Forsøk på et portrett av Øyvind Sørensen : Fragmenter av en avistegners liv (Oslo, 1963). 39 s. Særtrykk av Aftenposten.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]