Teikning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rogier van der Weyden; Evangelisten Lukas teiknar Maria
Trollet som grunnar på kor gamalt det er, teikning av Theodor Kittelsen, 1911

Teikning i kunstnarisk meining er eit bilete framstilt ved rette og krumme linjer, ofte utført på papir ved hjelp av blyant, tusjpenn, teiknekol, fargestift eller anna, og kan vere ein meir eller mindre realistisk attgjevnad av motivet, fri fabulering osb.

Nemninga teikning vert òg nytta i ikkje-kunstneriske samanhengar om slike framstillingar på papir, folie etc. som syner korleis bygningar, vegar, jarnvegar, maskinar, gjenstandar og andre produkt skal byggjast eller framstillast. Slike teikningar (tekniske teikningar, konstruksjonsteikningar osb.) vert laga i ein oppgjeve målestokk etter fastsette normer for at dei lett kan lesast og nyttast av fagfolk for å utforme produktet, bygningen etc. Ordet teikning vert dessutan nytta om mønsteret i pelsen på dyr, som til dømes om dei stripene tigrar og sebraer har i pelsen, dei flekkane som mange kyr og hundar har, og i ymse høve dessutan synonymt med underskrift, som til dømes i form av teikning av aksjar, det vil seie å melde seg som kjøpar av aksjar, eller i form av underteikning av eit brev eller dokument, det vil seie å skrive namnet sitt under teksten i dokumentet for å gjere teksten bindande for seg.

Ei teikning av den kunstnariske typen skil seg frå eit måleri ved at strekene som utgjer teikninga ofte berre dekkjer ein liten del av flata som det er teikna på. Det finst mange ulike kategoriar av teikningar, som karikaturteikningar, teikningar av landskap, personar og ting.

Blyantar.

Teikneflater[endre | endre wikiteksten]

Mange spesielt intresserte teiknarar kjøpar gjerne eit teiknebrett, som gjev eit godt underlag for papiret eller anna materiale som det vert teikna på. Det mest vanlege å teikne på er papir av til dømes desse papir-typane:

  • Akvarellpapir
  • Bøttepapir
  • Syrefritt papir
  • Teiknepapir
  • Layoutpapir
  • Blåpapir
  • Rutepapir
  • Japanpapir
  • Innpakningspapir
  • Skrivemaskinpapir
  • Kalkérpapir

Papiroverflata kan også varie mellom fint, middelst eller grovt. Dei fleste papir-materiala kan brukast til teikning.

Teikning av William Bouguereau.

Teiknereiskapar[endre | endre wikiteksten]

Pennar[endre | endre wikiteksten]

Pastell[endre | endre wikiteksten]

  • Vasslauslege pastellar
  • Pastelkritt (tørrpastell)
  • Pastellblyant
  • Feittstifter (oljepastell)
  • Pastellfargestifter

Kol[endre | endre wikiteksten]

Trekolblyantar.
  • Trekol (av mellom anna seljekvister)
  • Kolblyant
  • Komprimert trekol
  • Gummipensel (brukt til å gni/spreie kol utover istaden for med fingeren)

Teikneteknikkar[endre | endre wikiteksten]

Her er ei oversikt over nokre teikneteknikkar:

Stilisering[endre | endre wikiteksten]

Å stilisere eit motiv kan til dømes vere å fjerne detaljar frå motivet. Motivet kan vere stilisert som mellom anna:

  • Tilnærma naturalistisk
  • Kontur
  • Kontur og detaljar
  • Tekstur
  • Geometriske former

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Teikning
Spire Denne kunstartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.