Černé jezero

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Černé jezero
innsjø
none
Område Nær Železná Ruda i Tsjekkia
utløp Černý potok
Høgd over havet 1 008 m moh
Lengd ~530 m km
Breidde ~350 m km
Middeldjupne 15 m m
 - Største djupne 40 m m
Volum 2 878 000 m³ km³
Areal 18 4 ha km²
Kystlengd1 ~1 300 m km
Wikimedia Commons: Černé jezero
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Černé jezero (tyder Svart innsjø) er den største og djupaste naturlege innsjøen i Böhmerwald og Tsjekkia.

Den trekanta innsjøen er omringa av granskog, og ligg om lag 6 km nordvest for Železná Ruda, 300 meter nedanfor fjelltoppen Jezerní hora (1 343 m). Innsjøen vart danna under Weichsel-istida (den siste istida). Vatnet i innsjøen er næringsfattig. Elva Černý potok har sitt utspring i innsjøen, ei av sideelvane til Úhlava. Det store vasskiljet i Europa går i fjellet like ovanfor innsjøen. På grunn av dette høyrer Černé jezero til nedslagsfeltet til elva Elbe (og Nordsjøen), medan Čertovo jezero berre 2 km unna renn ut i Donau (og Svartehavet).

Det eldste pumpekraftverket i Tsjekkia (bygd 1929-1930) ligg her, og innsjøen fungerer som det øvre reservoaret for kraftverket.

Sidan innsjøen ligg svært nær den tyske grensa (om lag 1 km), var innsjøen stort sett utilgjengeleg under Jernteppet. Dette vart utnytta av spionasje- og kontraspionasjetenesta til kommunistane i Operasjon Neptun i 1964, då StB frå Tsjekkoslovakia i samarbeid med sovjetiske KGB i skjul dumpa kassar med gamle Reichssicherheitshauptamt-dokument i innsjøen, og «tilfeldigvis oppdaga» dei. Dette var for å presse Vest-Tyskland til å oppgje namn på spionar som opererte i Aust-Europa under Nazi-regime, og som Vest-Tyskland no hadde «arva».