İmralı

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Plasseringa til İmralı

İmralı er ei lita tyrkisk sør i Marmarahavet, vest for Armutlu-Bozburun-halvøya i provinsen Bursa. Frå 1999 til 2009 tente ho som eit høgtryggleiksfengsel for ein enkel fange, Abdullah Öcalan leiaren for PKK som vart erklært ein terroristorganisasjon av USA og EU. I november 2009 vart fleire andre fangar overført til eit nybygd fengsel på yøa, der Abdullah Ocalan og vart sett inn.

Øya er 8 km lang og 3 km brei med eit areal på 9,98 km². Den høgaste toppen er Türk Tepesi med ei høgd på 217 moh.

Øya vart først erobar av osmanarane, som slik fekk kontroll over Marmarahavet, og hindra austromarane tilkomst til Bursa.

Fram til den tyrkiske sjølvstendekrigen (1919–1922) var det tre greske landsbyar på øya. Etter utvekslinga av folk mellom Hellas og Tyrkia i 1923, vart øya stort sett ståande utan innbyggjarar fram til 1935, då eit fengsel vart bygd på øya. Fangane her fekk lov å tene pengar med å arbeide i jordbruk og fiske. Då Abdullah Öcalan vart send hit i 1999, vart dei andre fangane sende til andre fengsel. Ein anna kjend fange som har sete her er Billy Hayes, ein amerikansk forfattar som skreiv boka Midnight Express.

Tre politikarar vart avretta på øya i 1961:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 40°32′N 28°32′E