Provinsen Bursa
Utsjånad
| Bursa | |||
| Bursa ili | |||
| region | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Marmararegionen | ||
| Hovudstad | Bursa | ||
| Areal | 11 043 km² | ||
| Folketal | 3 187 000 (2010) | ||
| Folketettleik | 289 / km² | ||
| Bilnummer | 16 | ||
| Retningsnummer | 224 | ||
![]() Provinsen Bursa 40°09′00″N 29°01′15″E / 40.15°N 29.020833333333°E | |||
| Wikimedia Commons: Bursa Province | |||
Provinsen Bursa (tyrkisk Bursa ili) er ein provins vest i Tyrkia, langs Marmarahavet. Naboprovinsane er Balıkesir i vest, Kütahya i sør, Bilecik og Sakarya i aust, Kocaeli i nordaust og Yalova i nord. Provinsen har eit areal på 11 043 km2 og kring 3,2 millionar innbyggjarar. Byen Bursa var hovudstad i den osmanske staten fram til erobringa av Edirne. Det meste av provinsen ligg i Marmararegionen utanom distrikta Büyükorhan, Harmancık, Keles og Orhaneli, som høyrer til Egearregionen.
Distrikt
[endre | endre wikiteksten]Provinsen Bursa er delt inn i 17 distrikt (hovuddistriktet er utheva):
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Bursa Province» frå Wikipedia på engelsk, den 19. august 2012.
