Ōkamiden
Hopp til navigering
Hopp til søk
Ōkamiden | |
Utviklar(ar) | Mobile & Game Studio, Inc. |
---|---|
Utgjevar(ar) | Capcom |
Plattform(er) | Nintendo DS |
Utgjeving | JP: 30. september 2010 NA: 15. mars 2011 EU: 18. mars 2011 |
Sjanger | Action-eventyr |
Spelemodus | Einspelar |
Ōkamiden er eit action-eventyrspel utgjeve av Capcom til Nintendo DS. Spelet vart utgjeve i Japan den 30. september 2010, i Nord-Amerika den 15. mars 2011 og i Europa den 18. mars 2011. Det er ein direkte oppfølgjar til Ōkami , eit spel som opphavleg vart utgjeve i 2006 til PlayStation 2, og som sidan er utgjeve på ei rekkje andre plattformer.
Ōkamiden handlar om Chibiterasu, ein guddommeleg liten ulv fødd av Amaterasu, hovudkarakteren i Ōkami. Spelet har mange felles spelmekanikkar som forgjengaren, mellom anna Celestial Brush, som lèt spelaren stanse tida i spelet og teikne figurar eller mønster ved hjelp av peikeskjermen, som fører til ulike effektar i spelverda.