1. sundag i faste

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

1. sundag i faste, òg kalla kvadragesima eller quadragesima, av latin, 'den førtiande dagen', eller invocavit , 'han kallar', etter opningsorda i den gamle inngangssalmen, henta frå Salmane 91, 15-16,[1] er den fyrste sundagen i fastetida før påske.

Dagen har òg vorte kalla Dominica Tentation,[2] freistingssundagen, fordi evangelieteksten som vart lesen den dagen handla om Djevelen som freista Jesus i ørkenen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]