24-Carat Black

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
24-Carat Black
OpphavUSA
Aktiv1973
SjangerFunk, soul
PlateselskapStax

24-Carat Black var eit soulband frå Cincinnati i USA. Bandet heitte opphavleg the Ditalians, men då dei møtte musikkarrangøren Dale Warren tidleg på 1970-talet fekk han dei til å endre namn. Han hjelpte dei med å både skrive og produsere det einaste albumet deira, Ghetto: Misfortune's Wealth, som kom i 1973. Dale Warren hadde tidlegare arrangert musikk for artistar som Eddie Floyd, Isaac Hayes, Albert King og the Staple Singers.

Bandet gav ikkje ut fleire album og Ghetto: Misfortune's Wealth gjekk raskt i gløymeboka. Medlemmene i bandet dukka seinare opp i gruppa Shotgun. Etter kvart vart albumet ein kultklassikar hos hip-hop-artistar som nytta samplingar frå albumet på sine eigne songar[1]. Albumet var lenge vanskeleg å få tak i, men kom på CD i 1995.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]