Isaac Hayes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Isaac Hayes
Isaac hayes 1973.jpg
Isaac Hayes spelar i International Amphitheater i Chicago som ein del av den årlege PUSH Black Expo, oktober 1973
Verkeleg namn Isaac Lee Hayes, Jr.
Opphav USA
Fødd 20. august 1942 i Covington i Tennessee, Covington
Død 10. august 2008 i Memphis i Tennessee, Memphis
Instrument Piano, tangentinstrument, vokal, saksofon
Sjanger R&B, funk, soul, disco
Aktive år 1962 – 2008
Yrke Låtskrivar, arrangør, plateprodusent og skodespelar
Tilknytt artistar David Porter, Booker T. & the MGs, The Bar-Kays
Plateselskap Enterprise/Stax, ABC, Columbia Records, Pointblank
Nettside www.isaachayes.com

Isaac Lee Hayes jr. (20. august 194210. august 2008) var ein USA-amerikansk soulsongar, låtskrivar, skodespelar, produsent og stemmeskodespelar. Hayes var ein av dei største kreative kreftene bak plateselskapet Stax Records, der han var både huskomponist, studiomusikar og produsent, ofte i lag med David Porter, i midten av 1960-åra. Hayes og Porter, i tillegg til Bill Withers, Sherman Brothers, Steve Cropper og John Fogerty vart innlemma i Songwriters Hall of Fame i 2005 for songane dei skreiv for seg sjølv, duoen Sam & Dave, Carla Thomas og andre. Hayes vart òg innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 2002.[1]

Hitsongen «Soul Man», skriven av Hayes og Porter og først framført av Sam & Dave, har blitt rekna som ein av dei viktigaste songane dei siste 50 åra av Grammy Hall of Fame. Han vart òg æra av The Rock and Roll Hall of Fame, av magasinet Rolling Stone og av Recording Industry Association of America (RIAA) som ein av «Århundrets songar». Seint i 1960-åra byrja Hayes karrieren som plateartist. Han hadde fleire suksessrike soulalbum som Hot Buttered Soul (1969) og Black Moses (1971). I tillegg arbeidet med popmusikken, skreiv Hayes filmmusikk.

Han var kjend for musikken til filmen Shaft (1971). For «Theme from Shaft» fekk han Oscarprisen for beste originale song i 1972. Han vart den tredje afroamerikanaren, etter Sidney Poitier og Hattie McDaniel, som vann ein Oscarstatuett. Han vann òg to Grammyprisar for songen same året. Seinare fekk han ein tredje Grammy for albumet Black Moses.

I 1992 vart han krona til æreskonge over Ada i Ghana for det humanitære arbeidet sitt. Han spelte i mange filmar og fjernsynsseriar, som filmane Truck Turner og I'm Gonna Git You Sucka, og som Gandolf «Gandy» Fitch i TV-serien The Rockford Files (1974–1980). Frå 1997 til 2006 hadde han stemma til karakteren Chef i den animerte TV-serien South Park. Han var inspirert av Percy Mayfield, Big Joe Turner, James Brown, Jerry Butler, Sam Cooke, Fats Domino, Marvin Gaye, Otis Redding, og psykedeliske soulgrupper som The Chambers Brothers og Sly and the Family Stone.

5. august 2003 vart Hayes æra med eit BMI-ikon på under BMI Urban Awards i 2003 for det musikalske arbeidet sitt.[2] Gjennom låtskrivarkarrieren har Hayes fått fem BMI R&B Awards, to BMI Pop Awards og to BMI Urban Awards. Då han døydde i 2008 hadde songane hans blitt framført 12 millionar gonger.[3]

Liv[endre | endre wikiteksten]

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Isaac Hayes jr. vart fødd i Covington i Tennessee i Tipton County. Han var det andre barnet til Eula (fødd Wade) og Isaac Hayes den eldre.[4]

Mora døydde ung og faren forlet familien, så Isaac den yngre voks opp hos besteforeldrene på morssida,[5] Mr. and Mrs. Willie Wade, Sr. Han var eit barn av ein forpaktarfamilien og voks opp med å arbeide på gardar i Shelby County i Tennessee og i Tipton County. fem år gammal byrja Hayes å syngje i den lokale kyrkja. Han lærte seg sjølv å spele piano, hammondorgel, fløyte og saksofon.

Hayes droppa ut av vidaregåande skule, men den tidlegare læraren hans på Manassas High School i Memphis oppfordra han til å fullføre, noko han gjorde 21 år gammal. Etter han var ferdig med vidaregåande, fekk Hayes tilbodet om fleire musikkstipend frå høgsuklar og universitet. Han takka nei til alle for å forsørgje familien og tok arbeid på ein kjøtfabrikk i Memphis på dagtid, og spelte på nattklubbar og juke joints fleire kveldar i veka i Memphis og det nordlege Mississippi.[5]

Dei første profesjonelle konsertane til Hayes, seint i 1950-åra, var som songar på Curry's Club i Nord-Memphis, akkompagnert av husbandet til Ben Branch.[6]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Stax Records og Shaft[endre | endre wikiteksten]

Hayes byrja platekarrieren sin tidleg i 1960-åra, som studiomusikar for forskjellige artistar på det Memphis-baserte Stax Records. Han skreiv seinare ei rekkje hittar med låtskrivar-partnaren David Porter, som «You Don't Know Like I Know», «Soul Man», «When Something Is Wrong with My Baby» og «Hold On, I'm Comin'» for Sam & Dave. Hayes, Porter og studiobandet til Stax, Booker T. & the M.G.'s, var òg produsentar for Sam & Dave, Carla Thomas og andre artistar på Stax i midten av 1960-åra. Hayes-Porter medverka til Stax-stilen som vart kjend på denne tida, og Sam & Dave takka Hayes for ha vore med å utvikle musikken og stilen deira. I 1968 gav Hayes ut debutalbumet sitt, Presenting Isaac Hayes, eit jazz-aktig, hovudsakleg improvisert album som selde dårleg.[7]

Det neste albumet var Hot Buttered Soul, som kom ut i 1969 ette Stax hadde gått gjennom stor uro. Selskapet hadde mista den største stjerna si, Otis Redding, i ein flystyrt i desember 1967. Stax mista heile katalogen sin til Atlantic Records i mai 1968. Som følgje av dette bad visedirektøren i Stax, Al Bell, om få ferdig 27 nye album innan midten av 1969. Hot Buttered Soul vart den største suksessen av desse.[7] Albumet er kjend for biletet av ein skalla Hayes på framsida med gullsmykke og solbriller. Musikken har ein særeigen stil med lange orkesterdominerte songar, mykje orgel, blåsara, gitarar og djupbassvokal. Hayes tolka «Walk On By» (som vart gjort kjent av Dionne Warwick) til ein 12 minuttar lang song. «By the Time I Get to Phoenix» startar med ein åtte minuttar lang monolog[8] før sjølve songen startar. Det einaste originale nummeret, den funky «Hyperbolicsyllabicsesquedalymistic» er nesten ti minuttar lang, eit ganske langt steg bort frå standard tre minuttar lange soul- og popsongar.

«Walk On By» vart den første av amnge Burt Bacharach-songar som Hayes kom til å spele, ofte songar gjort kjende av Dionne Warwick eller Dusty Springfield. Hayes omforma dei til sjelfulle, lange og nesten gospelaktige nummer.

I 1970 gav Hayes ut to album, The Isaac Hayes Movement og To Be Continued. Det første heldt seg til fire songar-formatet frå det førre albumet. Jerry Butler sin «I Stand Accused» byrjar med ein talt monolog, som vart eit varemerke for Hayes, og Bacharach sin «I Just Don't Know What to Do with Myself» vart omarbeidd. Sistnemnde gav klassikaren «The Look of Love», ein annan Bacharach-song som vart omgjort til ein 11 minuttar episk song. Ein forkorta, tre minuttar lang versjon vart gjeve ut på singel.[9] Albumet inneheld ein instrumental, «Ike's Mood» som glei over i hans eigen versjon av «You've Lost That Loving Feeling». Hayes gav ut ein julesingel, «The Mistletoe and Me» (med «Winter Snow» som B-side).

Tidleg i 1971 skreiv Hayes musikken til blaxploitation-filmen Shaft. Hayes hadde ei lita rolle i filmen som bartenden på No Name Bar. Hovudtemaet frå filmen, med wah-wah-gitar og symfonisk arrangement, vart ein hit verda over og låt to veker på toppen av Billboard Hot 100 i november det året. Resten av albumet var hovudsakleg instrumentalar som dekka alt frå storbandjazz, bluesaktig funk og hard Stax-aktig soul. Dei to andre vokal songane, samfunnskommentaren «Soulsville» og den 19 minuttar lange jammen «Do Your Thing», vart korta ned til hitsinglar.[9] Hayes vann Oscarprisen for «Theme from Shaft», og vart nominert for beste originale musikk for filmen.

Seinare på året gav Hayes ut dobbeltalbumet Black Moses, som tok musikkstilen hans vidare og inneheldt The Jackson 5-songen «Never Can Say Goodbye». Ein annan singel, «I Can't Help It», var ikkje med på albumet.

I 1972 spelte Hayes inn kjenningsmelodien til fjernsynsserien The Men og fekk ein ny hitsingel (med «Type Thang» som B-side).[9] Han gav ut felire singlar det året, som ikkje kom på album, som «Feel Like Making Love», «If Loving You Is Wrong (I Don't Want to Be Right)» og «Rolling Down a Mountainside». Atlantic gav ut debutalbumet til Hayes på ny det året, med den nye tittelen In The Beginning.[10]

Hayes var attende i 1973 med eit kritikarrost dobbelt konsertalbum, Live At Sahara Tahoe, og følgde opp med albumet Joy, med eit 15 minuttar langt tittelspor. Han flytta seg bort frå coverversjonar på dette albumet. Ein nedkorta versjon av «Joy» vart ein hitsingel.[11]

I 1974 spelte Hayes i blaxploitation-filmane Three Tough Guys og Truck Turner, og han laga musikk til begge filmane. Tough Guys var nesten utan vokal, og temaet til Truck Turner vart gjeve ut som singel. Filmmusikken vart seinare nytta av Quentin Tarantino i Kill Bill-filmane og har blitt nytta i over 30 år som kjenningsmelodi til det brasilianske radioprogrammet Jornal de Esportes på radiostasjonen Jovem Pan.

I motsetnad til mange afroamerikanske musikarar på denne tida, hadde ikkje Hayes afro, og valte i staden å barbere hovudet sitt.

HBS (Hot Buttered Soul Records) og konkurs[endre | endre wikiteksten]

I 1974 hadde Stax Records store økonomiske problem, som kom av problem med betalingsutsetjingar og avgrensa platesal og distribusjon. Hayes sjølv var i stor gjeld til Union Planters Bank, som administrerte lån for Stax og mange av dei viktigaste tilsette i selskapet. I september det året saksøkte Hayes Stax for 5,3 millionar USD. Sidan Stax var i djup gjeld og ikkje kunne betale, vart det gjort ein avtale mellom selskapet og Hayes og Union Planters: Stax frigav Hayes frå innspelingane hans og produksjonskontraktane, og Union Planters fekk alle inntekene til Hayes for å betale ned gjelda hans. Hayes starta sitt eige selskap, Hot Buttered Soul, og gav ut musikken sin gjennom ABC Records.[12]

Det nye albumet hans, Chocolate Chip frå 1975, bestod av den nye discostilen på tittelsporet og den første singelen. «I Can't Turn Around» vart ein populær song med tida. Dette vart det siste albumet Hayes fekk inn på topp 40 i USA på mange år. Seinare på året gav han ut det instrumentale Disco Connection, som berre bestod av discolåtar.

I 1976 gav han ut albumet Juicy Fruit der han på omslaget låg i eit basseng med nakne kvinner. Tittelsporet vart gjeve ut på singel. Ein annan song på albumet var «Storm Is Over». Seinare same året kom albumet Groove-A-Thon med singlane «Rock Me Easy Baby» og tittelsporet. Sjølv om alle desse albuma vart rekna som solide verk, selde Hayes dårleg. Han og kona vart tvungen til konkurs i 1976, sidan dei skulda over seks millionar dollar. Mot slutten av konkurssaka i 1977 hadde Hayes mista heimen, det meste av dei personlege eigedelane og retten til alle framtidige honorar frå musikken han hadde skrive, framført og produsert.[13]

Eigar av basketballag[endre | endre wikiteksten]

17. juli 1974 tok Hayes, Mike Storen, Avron Fogelman og Kemmons Wilson over eigarskapet av det amerikanske basketball-laget Memphis Tams. Den tidlegare eigaren var Charles O. Finley, eigaren av Oakland A's baseball-lag. Gruppa til Hayes gav laget det nye namnet Memphis Sounds. Trass i at publikumstalet auka med 66 %, tilsetjinga av den høgt akta trenaren Joe Mullaney og at laget nådde sluttspelet, fortsette dei økonomiske problema til laget. Gruppa fekk frist til 1. juni 1975 om å selje 4000 sesongbillettar, få ny investorar og arrangere betre leigevilkår for laget i Mid-South Coliseum. Gruppa klarte ikkje kravet og ABA tok over laget, og selde det til ei gruppe i Maryland, som gav laget namnet Baltimore Hustlers og så Baltimore Claws før klubben til slutt vart nedlagt i sesongen 1975-1976.[14]

Polydor, pause, filmarbeid og Duke of New York[endre | endre wikiteksten]

I 1977 var Hayes attende med ein ny avtale med Polydor Records, eit konsertalbum med duettar med Dionne Warwick gjorde det ganske godt, og comebackalbumet hans, New Horizon, selde betre og gav han hitsingelen «Out The Ghetto». Det inneheldt òg den populære «It's Heaven To Me».

I 1978 kom For the Sake of Love med ein oppfølgjar til «Theme from Shaft» («Shaft II»), men den mest kjende songen var singelen «Zeke The Freak», ein song som vart ein stor del av house-rørsla i Storbritannia utover i 1980-åra. Same året gav Fantasy Records, som hadde kjøpt ut Stax Records, eit album med Hayes sine singlar som ikkje fanst på album, og ei plate med arkiverte innspelingar, Hotbed, i 1978.

I 1979 klarte Hayes igjen å få eit album inn på topp 40 med Don't Let Go og det discoaktige tittelsporet vart ein hitsingel (18. plass i USA). Albumet inneheld òg songen «A Few More Kisses To Go». Seinare på året la han vokal på og arbeidde med Millie Jackson på albumet Royal Rappin's, og ein song han var medlåtskrivar på, «Deja Vu», vart ei hit for Dionne Warwick. Ho vann ein Grammy for beste kvinnelege R&B-song.

Verken And Once Again frå 1980 eller Lifetime Thing frå 1981 inneheld kjende songar eller selde godt, og Hayes tok ein pause frå musikken for å arbeide som skodespelar.

I 1970-åra var Hayes med i filmane Shaft (1971) og Truck Turner (1974). Han hadde òg ei fast rolle i TV-serien The Rockford Files som ein gammal cellekamerat av Rockford, Gandolph Fitch. I ein episode spelte han mot duettpartnaren Dionne Warwick. I 1980- og 1990-åra spelte han i fleire filmar, som Escape from New York (1981), I'm Gonna Git You Sucka (1988), Prime Target (1991) og Robin Hood: Men in Tights (1993), i tillegg til episodar av The A-Team og Miami Vice. Han prøvde seg òg på eit musikalsk comeback, og nytta trommemaskinar og synthar på U-Turn i 1986 og Love Attack i 1988, men begge selde dårleg. I 1991 song han ein duett med Barry White på White-balladen «Dark and Lovely (You Over There)».

Attende i rampelyset[endre | endre wikiteksten]

I 1995 dukka Hayes oppp som ein Las Vegas-minister og parodierte seg sjølv i komiserien The Fresh Prince of Bel-Air.

Hayes gjorde nok eit musikalsk comeback i mai 1995 med Branded, eit album med nye songar som gav han gode sal og positive meldingar.[15] Eit anna album kom ut kring samstundes, Raw and Refined, med instrumentalar, både nye og gamle, som ikkje var gjevne ut før.

I eit heller uventa karrieretrekk kort tid etter, kom Hayes attende i rampelyset då han var med å starte den kontroversielle, men særs suksessrike animasjonsserien South ParkComedy Central. Hayes gav stemme til karakteren «Chef», ein amorøs kokk i skulekantina. Han spelte rolla frå debuten av showet den 13. august 1997 (ei veke før han vart 55 år) til slutten av den niande sesongen i 2006. I rolla som Chef utnytta Hayes talentet som både songar og skodespelar og song fleire dårleg tildekte, grove soulsongar. Eit album med songar frå serien kom ut i 1998 med tittelen Chef Aid: The South Park Album[16] og reflekterte populariteten til Chef blant fansen til showet. Chef-songen «Chocolate Salty Balls» gjekk heilt til topps på singellista i Storbritannia.[17]South Park kom ut som kinofilm året etter med den animerte musikalen South Park: Bigger, Longer & Uncutvar Hayes/Chef den einaste større rollefiguren som ikkje framførte ein eigen song i filmen. Det einaste musikalske bidraget hans var «Good Love», ein song som opphavleg kom ut på Black Moses i 1971 og som ikkje er å høyre i filmen.[18]

I 2000 var Hayes med på filmmusikkalbumet til den franske filmen The Magnet med songen «Is It Really Home», skriven og komponert av rapperen Akhenaton (IAM) og Bruno Coulais.

I 2002 vart Hayes innlemma i Rock and Roll Hall of Fame. Etter ath an hadde spelt eit sett på Glastonburyfestivalen det året, kom det ut ein dokumentarfilm om karrieren til Hayes og den store påverknaden han hadde på mange av artistane i Memphis i 1960-åra og frametter. Tittelen på dokumentaren var Only the Strong Survive.

I 2004 hadde Hayes ei mindre rolle som Jaffa i fjernsynsserien Stargate SG-1. Året etter spelte han i den lovpriste filmen Hustle & Flow. Han hadde òg ein kort periode ei rolle i serien Girlfriends som Eugene Childs (far til Toni).

South Park[endre | endre wikiteksten]

Seint i 1990-åra vart Hayes særs populær som stemma til Chef i animasjonsserien South Park. Chef var ein soul-syngjande kafeteriakokk for South Park Elementary. Ein song som vart framført av Chef i serien var «Chocolate Salty Balls (P.S. I Love You)». Denne vart ein internasjonal hit i 1999 og nådde toppen av den britiske og irske singellista. Songen kom òg ut på albumet Chef Aid: The South Park Album in 1998.[19]

Scientologi-episoden[endre | endre wikiteksten]

I South Park-episodeen «Trapped in the Closet», vart det gjort satire over scientologikyrkja. Episoden vart sendt 16. november 2005. Hayes var ikkje med i rolla som Chef. Då han var i radioprogrammet Opie and Anthony ein månad etter episoden vart sendt, vart han spurt om kva han syns om episoden. Han varte «Ein ting med Matt og Trey er at dei parodierer alle, og om du tar det seriøst så kan eg slje deg Brooklyn Bridge for to dollar. Det er dette dei gjer.»

I eit intervju for The A.V. Club den 4. januar 2006 vart Hayes igjen spurt om episoden. Han sa at han hadde fortalt skaparane av serien, Matt Stone og Trey Parker, om å endre noko av episoden, fordi han meinte dei hadde misforstått delar av religionen, og at han var redd for at folk kom til å tru at det var slik scientologien var. Han ønskte derfor at dei skulle ta nokre scientologikurs for å forstå kva dei gjorde. I intervjuet forsvarte hayes den kontroversielle humoren, men sa at han ikkje var nøgd med korleis dei presenterte scientologikyrkja. Han tilstod likevel at han forstod kva dei gjorde.[20]

Avgang frå South Park[endre | endre wikiteksten]

Den 13. mars 2006 bad Hayes om å bli frigjort frå kontrakten sin med Comedy Central, og siterte at dei siste episodane som hadde laga satire av religiøse trusretningar ikkje kunne tolererast. «Det er ein stad i verda for satire, men det er eit punkt der satiren sluttar og intoleranse og bigotteri mot religiøse trusretningar byrjar». Uttalinga nemnte ikkje direkte scientologi. Eit svar frå Matt Stone sa at klagane til Hayes kom frå kritikken til showet mot scientologien og at han «ikkje hadd enoko problem - og tok i mot mange sjekkar - når showet gjorde narr av kristne, muslimar, mormonar og jødar».[21][22] Stone la til «Me høyrte alrdi eit pip frå Hayes før me gjorde narr av scientologi. han ønskjer ein annan standard for andre religionar enn sin eigen, og for meg er det der intoleranse og biogtteri byrjar». Sonte og Parker gjekk med på å frigjere Hayes frå kontrakten.

Den 20. mars 2006 rapporterte Roger Friedman i Fox News at uttalinga frå Hayes vart gjort i hans namn, men ikkje av Hayes sjølv. Han skreiv: «Isaac Hayes slutta ikkje i South Park. Kjeldene mine seier at noko avslutta det for han... Vener i Memphis fortel meg at Hayes ikkje gav ut noko melding på eiga hand om South Park. Dei er mystifisert.»[23] Hayes fekk så eit slag.[24]

Etter South Park[endre | endre wikiteksten]

Inntektene til Hayes vart kraftig redusert etter han slutta i South Park.[25] Det kom meldingar om at han skulle ut på turné. Ein journalist møtte Hayes på denne tida og skreiv at han sat føre eit piano. Han snakkesong og orda hans var haltande. «Han var ikkje den Isaac Hayes han ein gong var».[25]

I april 2008 var Hayes gjest på radioprogrammet The Adam Carolla Show og snubla i svara sine og verka forvirra.[26]

To månader etter han døydde, vart South Park-episoden «The China Probrem» dedisert til han.

Personleg liv[endre | endre wikiteksten]

Familie[endre | endre wikiteksten]

Hayes hadde 12 barn, 14 barnebarn og tre oldebarn då han døydde. Det første ekteskapet hans med Dancy Hayes i 1960 enda i skilsmisse.[27]

Det andre ekteskapet til Hayes var med Emily Ruth Watson den 24. november 1965. Dette enda med skilsmisse i 1972. Frå dette ekteskapet hadde han mellom andre barna Vincent Eric Hayes, Melanie Mia Hayes og Nicole A. Hayes (McGee).

Han gifta seg med bankkasseraren Mignon Harley den 18. april 1973. Dei vart skilde i 1986 og hadde to barn i lag.[28]

Den fjerde kona hans var Adjowa,[29] og i 2006 fødde ho sonen Nana Kwadjo Hayes.[30] Han hadde òg ein son kalla opp etter seg, Isaac Hayes III, som er kjend som rap-produsenten Ike Dirty. Den eldste dottera til Hayes er Jackie, som leiar boet hans. Dei neste barna i rekkja er Veronica, Felicia, Melanie, Nikki, Lili, Darius og Vincent [31] og han hadde ei dotter kalla Heather Hayes.[32]

Scientologi[endre | endre wikiteksten]

Hayes tok det første scientologikurset sitt i 1993,[33] og var seinare på omslaget til mange bøker dei neste åra. Hayes var òg med i scientologifilmen Orientation.

I 1998 var Hayes, Anne Archer, Chick Corea og Haywood Nelson til stades på 30-årsjubileet til Freedom Magazine, eit nyhendemagasin for Scientologikyrkja.[34]

I 2001 spelte Hayes og Doug E. Fresh, ein annan scientologi-musikar, inn eit scientologi-inspirert album kalla The Joy Of Creating – The Golden Era Musicians And Friends Play L. Ron Hubbard.[35]

Slag og dødsfall[endre | endre wikiteksten]

I januar 2006 vart Hayes råka av eit lite hjerneslag.[23], nok som sidan vart stadfesta av Hayes sjølv.[24]

Hayes vart funnen medvitslaus i heimen like aust for Memphis den 10. august 2008, ti dagar før 66-årsdagen sin. Han vart funnen ved sidan av ei tredemølle, som framleis gjekk. Hayes vart frakta til sjukehus der han vart erklært død kl. 1408.[36][37] Etter ein obduksjon vart dødsårsaka sagt å vere eit nytt hjerneslag.[37][38] Han vart gravlagd i Memorial Park Cemetery.[39]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Ein del av Interstate 40 har fått namnet «Isaac Hayes Memorial Highway».[40]

Prisar og nominasjonar[endre | endre wikiteksten]

År Pris Resultat Kategori Film, album eller song
1972 Oscarprisen Nominert Beste originale musikk Shaft
Vann Best originale song (for songen «Theme from Shaft») Shaft
1972 BAFTA Award Nominert Anthony Asquith Award for Film Music Shaft
1998 BMI Film & TV Award Vann BMI TV Music Award Soul Man (delt med David Porter)
1972 Golden Globe Award Nominert Beste originale song (for songen «Theme from Shaft») Shaft
Vann Best originale musikk Shaft
1972 Grammyprisen[41] Vann Beste instrumentale arrangement (for songen «Theme from Shaft», arrangert med Johnny Allen) Shaft
Best originale musikk for film eller fjernsyn Shaft
1973 Best popinstrumental av ein arrangør, komponist orkester og/eller korleiar Black Moses
1999 NAACP Image Award Nominert Beste hovudrolle i ein komiserie South Park
2006 Screen Actors Guild Award Nominert Beste framføring av ei rollebesetning i ein film Hustle & Flow (delt med rollebesetninga)

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå diskografien til Isaac Hayes.


Filmar[endre | endre wikiteksten]

År Tittel Rolle Merknad
1973 Wattstax Seg sjølv
1973 Save the Children Seg sjølv
1974 Three Tough Guys Lee
Truck Turner Mac «Truck» Turner
1976 It Seemed Like a Good Idea at the Time Moriarty
1976–1977 The Rockford Files Gandolph Fitch TV, 3 episodar
1981 Escape from New York The Duke
1985 The A-Team C.J. Mack TV, 1 episode
1986 Hunter Jerome «Typhoon» Thompson TV, 1 episode
1987 Miami Vice Holiday TV, 1 episode
1988 I'm Gonna Git You Sucka Hammer
1989 All Dogs Go to Heaven Ike (stemme)
1990 Fire, Ice and Dynamite Hitek Leader/seg sjølv Alternativ tittel: Feuer, Eis und Dynamit
1993 CB4 Eigar
Posse Cable
Robin Hood: Men in Tights Asneeze
American Playhouse Prophet TV, 1 episode
1994 It Could Happen to You Angel Dupree
Tales from the Crypt Samuel TV, 1 episode
1995 The Fresh Prince of Bel-Air Minister TV, 1 episode
1996 Flipper Sheriff Buck Cowan
Sliders The Prime Oracle TV, 1 episode
1997 Uncle Sam Jed Crowley
1997–2006 South Park Chef (stemme) TV, 136 episodar
1998 Blues Brothers 2000 The Louisiana Gator Boys
South Park Chef (stemme) Videospel
1999 South Park: Chef's Luv Shack Chef (stemme) Videospel
South Park: Bigger, Longer & Uncut Chef (stemme)
The Hughleys The Man TV, 2 episodar
2000 South Park Rally Chef (stemme) Videospel
Reindeer Games Zook
Shaft Ikkje oppført
2001 Dr. Dolittle 2 Possum (stemme)
2002 The Education of Max Bickford "Night Train" Raymond TV, 1 episode
Fastlane Detective Marcus TV, 1 episode
2003 Book of Days Jonah TV-film
Girlfriends Eugene Childs TV, 2 episodar
2004 Anonymous Rex Elegant Man
2005 Hustle & Flow Arnel
Bernie Mac Show Seg sjølv
2006 That '70s Show Seg sjølv TV, 1 episode
Stargate SG-1 Tolok TV, 4 episodar
2008 Soul Men Seg sjølv Gjeve ut posthumt
Kill Switch Coroner Gjeve ut posthumt
Return to Sleepaway Camp Charlie Gjeve ut posthumt

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://rockhall.com/inductees/isaac-hayes/
  2. «BMI Celebrates Urban Music at 2003 Awards Ceremony». bmi.com. http://www.bmi.com/news/entry/233797. Henta 2010-10-02. 
  3. «Soul King Isaac Hayes Dead at 65». bmi.com. http://www.bmi.com/news/entry/537092. Henta 2010-10-02. 
  4. Isaac Hayes Biography (1942-)
  5. 5,0 5,1 Holley, Joe (August 11, 2008), Isaac Hayes; Created Memphis Sound, 'Theme From Shaft', Washingtonpost.com, http://www.washingtonpost.com/wp-dyn/content/article/2008/08/10/AR2008081001405.html, henta 4. august 2016 
  6. Bowman, Rob Soulsville, U.S.A.: the story of Stax Records Music Sales Group, 2003 ISBN 0-8256-7284-8, ISBN 978-0-8256-7284-2 at Google Books
  7. 7,0 7,1 "Ultimate Isaac Hayes (Can You Dig It?), Audio". Contactmusic.com. Henta 4. august 2016.
  8. «RIP Isaac Hayes». Perthetic.wordpress.com. 2008-08-12. http://perthetic.wordpress.com/2008/08/12/rip-isaac-hayes. Henta 4. august 2016. 
  9. 9,0 9,1 9,2 Isaac Hayes Diskografi. The Stax Site. Retrieved 4. august 2016.
  10. MusicStack entries for In the Beginning show that the LP's contents are identical to those of Presenting Isaac Hayes.
  11. Isaac Hayes Billboard chart history. Allmusic.com. Retrieved 4. august 2016.
  12. Bowman 1997, s. 332-334.
  13. Bowman 1997, s. 334.
  14. «Memphis Sounds». Remember the ABA. http://www.remembertheaba.com/Memphis-Sounds.html. Henta 4. august 2016. 
  15. «Isaac Hayes interview by Pete Lewis, 'Blues & Soul' May 1995». Bluesandsoul.com. 2008-08-10. http://www.bluesandsoul.com/feature/319/bands_classic_interview_soul_icon_isaac. Henta 4. august 2016. 
  16. «Chef Aid: The South Park Album (Television Compilation) [Extreme Version]: Darren Mitchell, James Hetfield, Marc Shaiman, Matt Stone: Music». Amazon.com. http://www.amazon.com/dp/B00000G2JM. Henta 4. august 2016. 
  17. «Featured Artists from the Official UK Charts Company». Theofficialcharts.com. http://www.theofficialcharts.com/stats-one-hit-wonders.php. Henta 4. august 2016. 
  18. «South Park: Bigger Longer & Uncut: Various Artists: Music». Amazon.com. http://www.amazon.com/dp/B00000JKR8. Henta 4. august 2016. 
  19. «Chef - Character Guide - South Park Studios». www.southparkstudios.com. http://www.southparkstudios.com/guide/characters/chef. 
  20. A.V. Club interview of Isaac Hayes, January 4, 2006.
  21. Isaac Hayes quits 'South Park' citing religious intolerance, March 23, 2006, Arkivert frå den opphavlege versjonen den March 14, 2007, https://web.archive.org/20070314005054/http://www.cbc.ca:80/arts/story/2006/03/13/southpark-chef-quits.html 
  22. South Park gets revenge on Chef, March 23, 2006, http://news.bbc.co.uk/2/hi/entertainment/4836286.stm 
  23. 23,0 23,1 Roger Friedman (March 20, 2006), Chef’s Quitting Controversy, Fox News, http://www.foxnews.com/story/0,2933,188463,00.html 
  24. 24,0 24,1 Hayes has put stroke, 'South Park' behind him, MySanAntonio.com, October 26, 2006. Arkivert juli 20, 2009 på Wayback Machine.
  25. 25,0 25,1 Roger Friedman, "Isaac Hayes's History With Scientology", Fox News, August 11, 2008
  26. Isaac Hayes interview, MP3 format, FreeFM: The Adam Carolla Show, April 9, 2008 Arkivert oktober 28, 2008 på Wayback Machine.
  27. «Isaac Hayes Biography (1942-)». Filmreference.com. http://www.filmreference.com/film/84/Isaac-Hayes.html. Henta 4. august 2016. 
  28. «Isaac Hayes». Nndb.com. http://www.nndb.com/people/192/000024120/. Henta 4. august 2016. 
  29. ISAAC HAYES AND ADJOWA HAYES, beliefnet.com Arkivert september 2, 2008 på Wayback Machine.
  30. Isaac Hayes the Father of Baby Boy, AP, May 16, 2006
  31. «Isaac Hayes Sent Off With Legendary Funeral». Actressarchives.com. 2008-08-19. http://www.actressarchives.com/news.php?id=11844. Henta 4. august 2016. 
  32. «The Kevin Ross Show - Isaac Hayes His Children Record Label Reflect On A Musical Giant 8/13/2008 - 3BAAS Media Group | Internet Radio». Blog Talk Radio. http://www.blogtalkradio.com/kevin-ross/2008/08/14/The-Kevin-Ross-Show-Black-Hollywood-Politics-Uncensored. Henta 4. august 2016. 
  33. [1]
  34. Kennedy, James (1998-10-23). «Haywood You Remember Garden City Park». Mineola American, Anton Community Newspapers. http://antonnews.com/mineolaamerican/1998/10/23/news/. Henta 2010-07-27. 
  35. Leggett, Jonathan (2006-03-25), Cult musicians, London: The Guardian, http://www.guardian.co.uk/music/2006/mar/25/popandrock 
  36. Levine, Doug (11 August 2008), Singer, Songwriter Isaac Hayes Dies, Voice of America, Arkivert frå den opphavlege versjonen den December 14, 2008, https://web.archive.org/20081214100424/http://voanews.com/english/archive/2008-08/2008-08-11-voa47.cfm, henta 3 January 2009 
  37. 37,0 37,1 Soul legend Isaac Hayes dies, August 10, 2008, http://www.cnn.com/2008/SHOWBIZ/Music/08/10/hayes.obit/, henta 2008-08-10 
  38. Stroke killed singer Isaac Hayes, BBC News, 2008-08-13, http://news.bbc.co.uk/2/hi/entertainment/7557895.stm, henta 4. august 2016 
  39. http://www.findagrave.com/cgi-bin/fg.cgi?page=gr&GRid=28919897
  40. Bob Mehr (August 20, 2010), «I-40 stretch named for Memphis music star Isaac Hayes», Commercial Appeal (Memphis, Tennessee), http://www.commercialappeal.com/news/2010/aug/20/i-40-stretch-named-memphis-music-star-isaac-hayes/ 
  41. «Past Winners Search GRAMMY.com». grammy.com. http://www.grammy.com/nominees/search?artist=Isaac+Hayes&title=&year=All&genre=All. Henta 2011-02-22. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Isaac Hayes