Cincinnati

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Cincinnati
by
none
flagg
Våpenskjold
Land Flag of the United States.svg USA
Stat Ohio
Grunnlagd 1788
Cincinnati i Hamilton County i Ohio.
Cincinnati i Hamilton County i Ohio.
Wikimedia Commons: Cincinnati

Cincinnati er ein by i delstaten Ohio i det austlege USA. Han omfattar eit areal på 206 km og har om lag 297 000 ibuarar (2010), og er dermed den tredje største byen i delstaten. Cincinnati er administrativt senter for Hamilton County.

Byen ligg lengst sørvest i delstaten Ohio, ved åmotet mellom Ohioelva og den mindre elva Licking. Han er del av ein større byregion, Cincinnati–Middletown, som strekkjer seg inn i Kentucky og Indiana.

Bru over Ohio-elva i Cincinnati.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Cincinnati vart grunnlagd i 1788 og var den fyrste større byen som voks fram etter den amerikanske revolusjonen. Han voks mykje utover på 1800-talet, men etter at jarnbaner vart lagt vestover i USA, måtte Cincinnati sjå seg forbigådd i vekst av andre innlandsbyar som Chicago og Saint Louis. Frå 1960-talet har folketalet gått tilbake med rundt 25 % i sjølve byen. Etter 1970 har det også vore tendensar til stagnasjon og tilbakegang også i heile byregionen.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Byen er eit viktig transportknutepunkt for veg, jarnbane og flyruter, i tillegg til å ha ei av dei største innlandshamnene i USA. Ein har særleg drive med transport av kol, jern og trevirke. Utanrikshandelen har også blitt viktig for økonomien i byen fram mot 2000-talet. Combs-Hehl Bridge over Ohio-elva bind byen saman med Campbell County i Kentucky.

Cincinnati har ein mangesidig industri som mellom anna omfattar produksjon av maskinverktøy, såpe, spelkort, kjemikalium, bil- og flydelar, motorar, tekstil, konfeksjon og møblar. Grafisk industri, store slakteri, brennerier og bryggjeri er også økonomisk viktige.

Kultur og utdanning[endre | endre wikiteksten]

Byen har fleire høgare lærestader, mellom anna University of Cincinnati (1874), katolske Xavier University (1831) og jødiske Hebrew Union College (1875).

Den andre eldste dyrehagen i USA, Cincinnati Zoo and Botanical Garden, blei skipa i 1875.

Det amerikanske fotballaget Cincinnati Bengals som speler i NFL er heimehøyrande i Cincinnati.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]