2S35 Koalitsija-SV

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
2S35 Koalitsia-SV

2S35 Koalitsija-SV (russisk: «Коалиция-СВ») er eit russisk sjølvdrive artilleri som først vart kjend under sigersparaden i Moskva i 2015. Det er meininga at der skal erstatte 2S19 Msta med tida.

Design[endre | endre wikiteksten]

Det er venta at 2S35 skal ha eit høgt nivå med automatisering som skal minske personellantalet til 2 soldatar, verna med kvar sin panserkapsel inne i vogna.

Væpning[endre | endre wikiteksten]

Rapportar som er komne førebels seier at hovudvåpenet skal vere ei 2A88 152-mm kanon med skotvidde på 70 kilometer med presisjonsstyrt ammunisjon, og 40 kilometer med vanleg ammunisjon. Ein ny type pneumatisk ladar gjer at skottakta kan kome opp til 20 skot pr. minutt.[1] Sekundærvåpenet er ei fjernstyrt 12,7-mm x 108-mm mitraljøse av typen Kord.

Kommando- og kontrollsystem[endre | endre wikiteksten]

2S35 har stor grad av automatikk, og vel automatisk høveleg ammunisjon for målet med tilpassa ladning for skotvidde og skotbane. I framtida skal chassiset vere det same som T-15 Armata.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Pike, John, «2S35 Koalitsiya-SV Self-Propelled Howitzer», www.globalsecurity.org, henta 20. oktober 2018