T-15 Armata

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk


T-15 Armata tung stormpanservogn

T-15 Armata (russisk: T-15A) er ei ny (2015) tung russisk stormpanservogn som ventast erstatta BMP-2 og MT-LB i hæren. Vogna er basert på ei universell Armata våpenplattform og skal gje betre vern til infanteristane som sit i vogna. Det er plass til mellom sju og ni soldatar i vogna, som har mange innebygde funksjonar for vern, inkludert ei skuffe for snøgt å grava seg ned i skyttargrop i forsvar, samt fleire kamera og andre sensorar montert i skroget.[1]


Væpning[endre | endre wikiteksten]

Bumerang BM tårn

Tårnet er fjernstyrt digitalt av typen Bumerang-BM (Epoch) med 2A42 30-mm maskinkanon og koaksialt PK maskingevær samt utskytingsrør for 9M133 Kornet panservernmissil på begge sider av tårnet.


Mobilitet[endre | endre wikiteksten]

Dieselmotoren er på 1500 hk, men vogna har ei vekt på 48 tonn slik at maksimal fart blir 65 km/t og rekkevidda 550 km på full tank.

Vern[endre | endre wikiteksten]

Vogna har reaktivt panser og Afganit (russisk Афганит) eller Malakhit‎ (russisk: Малахит) aktivt vern.


Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Тяжелая БМП Т-15 на базе платформы «Армата»». Армейский вестник. Фев 18, 2015.