8–13-skule

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ein 8–13-skule er ein kombinert ungdomsskule og vidaregåande skule, det vil seie ein som har elevar frå 8. til 13. trinn. Opprettinga av slike skular er ei følgje av undervisningsreforma Kunnskapsløftet. Ofte blir ein 8-13-skule danna gjennom samanslåing av ein vidaregåande skule og ein ungdomsskule i same nærområde.

Grunntanken bak ein 8–13-skule er at elevar skal få mangfaldig og samanhengjande undervising, det vil seia at ungdomsskuleelevar kan få tilgang på undervising i og utstyr til vidaregåande fag. Samstundes har Elevorganisasjonen og Utdanningsforbundet stilt spørsmål ved kva elevmiljø og kva slags læring ein vil få ved ein slik skule.

I 2005 kom Utdanningsetaten i Oslo med eit framlegg om å oppretta fire 8-13-skular på Jordal, Helsfyr, Sandaker og Søndre Nordstrand. Den første offentlege 8-13-skulen i Noreg blei Bjørnholt skule på Søndre Nordstrand, som blei opna i august 2007.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]