Hopp til innhald

ARA «San Juan» (S-42)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

ARA «San Juan» (S-42) var ein dieselelektrisk undervassbåt i teneste i den argentinske marinen. Båten tilhøyrer TR-1700-klassa, Han vart bygd av Thyssen Nordseewerke og vart ferdig 19. november 1985.[1]

Midtlivsoppgradering vart gjord i Argentina mellom 2008 og 2013. Oppgraderinga kosta ca. 100 millionar peso og utgjorde meir enn 500 000 arbeidstimar der båten vart delt i to og fekk sine fire MTU-motorar og batteri erstatta.[2][3]

15. november 2017 vart båten meldt sakna av Armada Argentina.[4] 23. november 2017, ved ei direkte ordre frå presidenten i Russland Vladimir Putin, vart «Jantar» og spesialistar frå 328. søk og redningsekspedisjon sende til Argentinakysten for å søkja etter den argentinske ubåten ARA «San Juan».[5] Dei fann ikkje ubåten. Seinare vart det norske fartøyet M/S Seabed Constructor send til Argentinakysten for å leite etter den Argentinske ubåten, og den 16. november 2018 var ubåten funnen. «Seabed Constructor» hadde med seg fem undervannsrobotar av typen Hugin AUV frå Kongsberg Maritime i Horten som dei brukte til å søkje gjennom havbotnen med. Ubåten låg utanfor Valdes-halvøya på 800 meters djupn.[6]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]