A World Without Love

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
A World Without Love
Singel av Peter and Gordon
frå albumet A World Without Love
B-side «If I Were You»
Utgjeve 28. februar 1964[1]
Innspelt 21. januar 1964, EMI Studios, London
Sjanger pop
Lengd 2:41
Selskap Columbia, Capitol Records
Låtskrivar(ar) Lennon–McCartney
Produsent Dave Dexter jr.
Peter and Gordon-kronologi
A World Without Love «Nobody I Know»
(1964)


«A World Without Love» er ein song spelt inn av den britiske duoen Peter and Gordon og gjeven ut som debutsingelen deira i februar 1964. Som kom òg ut på debutalbuma eira i Storbritannia og USA. Songen var skriven av Paul McCartney[2] og tilskriven Lennon–McCartney.[1] B-sida var «If I Were You», skriven av Peter and Gordon.[3]

I Storbritannia gjekk songen heilt til topps på både Record Retailer-lista[4] og New Musical Express-lista.[5] I USA toppa «A World Without Love» både Billboard Hot 100[6] og Cash Box Top 100.[7] Songen nådde òg toppen av Irish Singles Chart,[8] toppen av New Zealand si «Lever Hit Parade»,[9] andreplassen i Australia,[5] og åttandeplassen på VG-lista i Noreg.[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

McCartney skreiv songen då han var 16. Då han flytta til London og kjærasten hans Jane Asher i 1963, delte dei rom med broren hennar, Peter Asher. Asher spurte han om han kunne bruke songen etter at Asher og Gordon Waller hadde fått platekontrakt som Peter and Gordon.[10]

McCartney syntest ikkje songen var god nok for The Beatles.[11] Songen vart derfor aldri gjeven ut av The Beatles, og den einaste kjende innspelinga av eit Beatles-medlem er den originale demoinnspelinga til McCartney, som no er eigd av Peter Asher.[12]

Det er ein av to songar skrivne av Lennon–McCartney som har gått til topps i USA av ein annan artist enn The Beatles.[13] Den andre er «Lucy in the Sky with Diamonds» med Elton John.[13] «Bad to Me» var skriven av Lennon og McCartney i 1963 og gjeven til Billy Kramer. Denne nådde toppen i Storbritannia, men ikkje i USA. Før han gav songen til Peter and Gordon, tilbaud McCartney han til Billy J. Kramer, som avslo.[11] Songen var ein av sju førsteplassar skrivne av Lennon-McCartney i USA i 1964, noko som er rekord innafor same kalenderår.

«A World Without Love» er med på lista til Rock and Roll Hall of Fame over dei 500 songane som forma rock and roll.[10]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1964) Plassering
Australia (Kent Music Report) 2
Canada RPM Top Singles[14] 1
Irland (IRMA)[15] 1
New Zealand (Lever Hit Parade)[9] 1
Noreg VG-lista 8
UK (New Musical Express)[5] 1
UK (Record Retailer)[4] 1
US Billboard Hot 100[16] 1
US Cash Box Top 100[17] 1

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1964) Plassering
Australia [18] 20
US Billboard Hot 100[19] 30
US Cash Box[20] 33

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Ein versjon av Bobby Rydell frå mai 1964 nådde 80. plassen på Billboard Hot 100[21].

I 1964 gav The Supremes ut ein versjon av songen på albumet A Bit of Liverpool.[22]Denne versjonen vart ein hit i somme land i Søraust-Asia og nådde 7. plassen i Malaysia.[23]

Del Shannon spelte ein versjon av songen i 1964 på albumet hans Handy Man.

Patty Duke spelte ein versjon av songen i 1965 på debutalbumet Don't Just Stand There.

Terry Black gav ut ein versjon av songen i 1965 på debutalbumet Only 16.[24]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Peter & Gordon - World Without Love, norwegiancharts.com. Henta 1. april 2018.
  2. Miles 1997, s. 111.
  3. Peter & Gordon - If I Were You, norwegiancharts.com. Henta 1. april 2018.
  4. 4,0 4,1 Peter and Gordon - Full Official Chart History, Official Charts Company. Henta 1. april 2018.
  5. 5,0 5,1 5,2 «Hits of the World», Billboard, 9. mai 1964. p. 30. Henta 1. april 2018.
  6. Peter and Gordon - Chart History - The Hot 100, Billboard.com. Henta 1. april 2018.
  7. «Cash Box Top 100», Cash Box, 27. juni 1964. p. 4. Henta 1. april 2018.
  8. Song Title Search Results for «World Without Love», The Irish Charts. Henta 1. april 2018.
  9. 9,0 9,1 «Lever Hit Parade» 28-May-1964, Flavour of New Zealand. Henta 1. april 2018.
  10. 10,0 10,1 Jackson, Andrew Grant (22. april 2013). «The Songs the Beatles Gave Away». Slate. Brow Beat: Slate's Culture Blog. Henta 12. mai 2013. 
  11. 11,0 11,1 Miles 1997, s. 112.
  12. «Rare Paul McCartney Recording of 'A World Without Love' Surfaces». Rolling Stone. 18. januar 2013. Henta 1. april 2018. 
  13. 13,0 13,1 Songar skrivne av John Lennon, MusicVF.com. Henta 1. april 2018.
  14. «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. 
  15. "The Irish Charts – Search Results – World Without Love". Irish Singles Chart. Retrieved 1. april 2018.
  16. Joel Whitburn's Top Pop Singles 1955-1990 - ISBN 0-89820-089-X
  17. «Cash Box Top 100» (PDF). Cash Box: 4. 27. juni 1964. Henta 1. april 2018. 
  18. https://archive.is/20160305064644/http://www.austchartbook.com.au/
  19. Musicoutfitters.com
  20. «Top 100 Chart Hits of 1964», Cash Box, 26. desember 1964. p. 12. Henta 1. april 2018.
  21. «Bobby Rydell - Chart History - The Hot 100», Billboard.com. Henta 26. juli 2015
  22. The Supremes - World Without Love, norwegiancharts.com. Henta 1. april 2018.
  23. «Billboard Hits of the World», Billboard, 27. mars 1965. p. 28. Henta 1. april 2018.
  24. Terry Black, Only 16 Henta 15. juni 2015

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]