The Beatles

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg romanen Beatles
The Beatles
The Fabs.JPG
Opphav Liverpool i England
Sjanger Pop, Rock and roll, Psykedelisk rock
Aktive år 1960-1970
Plateselskap Parlophone
Capitol
Apple
Vee-Jay
Polydor
Nettside www.beatles.com
Siste medlemmer
John Lennon (1960-1970)
Paul McCartney (1960-1970)
George Harrison (1960-1970)
Ringo Starr (1962-1970)
Tidlegare medlemmer
Pete Best (1960-1962)
Stuart Sutcliffe (1960-1961)

The Beatles var ei pop- og rockgruppe frå Liverpool i England som vart danna i 1960. Medlemmane var John Lennon (rytmegitar og vokal), Paul McCartney (bassgitar og vokal), George Harrison (sologitar og vokal) og Ringo Starr (trommer og vokal). Desse fire utgjorde ei gruppe som er av dei mest kommersielt vellukka og kritikarroste gruppene i historia og var leiande i «den britiske bølgja» i USA på midten av 60-talet.

Sjølv om den opphavlege musikkstilen deira hadde røter i rock and roll og skiffle frå 1950-talet, utforska gruppa etter kvart eit vidt spekter av sjangrar; alt frå Tin Pan Alley-musikk til psykedelisk rock, og «Helter Skelter» har mellom anna vorte omtalt som den første heavy metal-songen nokon gong.[1] Kleda deira, hårfrisyrane deira og meiningane dei gav uttrykk for gjorde dei til moteskaparar, samstundes som det veksande sosiale medvitet deira sørgde for at påverknadskrafta deira strekkjer seg inn i dei sosiale og kulturelle revolusjonane som hende på 1960-talet. Etter at bandet gjekk frå kvarandre i 1970, la alle medlemmane ut på solokarrierar.

The Beatles var ein av dei mestseljande musikkartistane på 1900-talet og selde totalt over ein milliard plater internasjonalt.[2] I Storbritannia sleppte dei meir enn 40 ulike singlar, album og EP-ar som alle nådde fyrsteplass. Denne kommersielle suksessen vart gjenteken i mange andre land: plateselskapet deira, EMI, estimerte i 1985 at dei hadde selt over ein milliard plater eller teipar over heile verda.[3] Recording Industry Association of America, ein amerikansk organisasjon for platebransjen, stadfeste at The Beatles er den mestseljande gruppa gjennom alle tider rekna ut på grunnlag av sal av singlar og album i USA.[4] I 2004 sette musikkmagasinet Rolling Stone The Beatles på førsteplass på lista si over dei 100 største artistane gjennom tidene.[5] I 2008 sette magasinet Billboard dei øvst på tilsvarande liste.[6]

Historie[endre | endre wikiteksten]

1957-1960: The Beatles vert til[endre | endre wikiteksten]

I mars 1957 skipa John Lennon skiffle-gruppa The Quarrymen medan han gjekk ved Quarry Bank Grammar School i Liverpool.[7] Lennon møtte gitaristen Paul McCartney ved Woolton Garden Fête ved St. Peter’s Church den 6. juli 1957, og Lennon tok han med i gruppa eit par dagar seinare.[8] Den 6. februar 1958 vart den 14 år gamle gitaristen George Harrison innbydd til å sjå gruppa, som spela under mange ulike namn, i Wilson Hall i Garston i Liverpool.[9] John Lennon var motvillig til at Harrison skulle få verte med i bandet, sidan han var så ung, men etter press frå McCartney fekk han likevel vere med i the Quarrymen som sologitarist etter ei øving i mars 1958.[10][11] Lennon og McCartney spelte begge rytmegitar i denne perioden og etter den opphavlege trommeslagaren Colin Hanton forlét bandet i 1959 etter ein krangel med andre bandmedlemmer, var mange forskjellige trommisar innom bandet. Lennon sin skuleven, Stuart Sutcliffe, vart med i bandet på bass i januar 1960.[12][13]

The Quarrymen gjennomgjekk ei rekkje namn – «Johnny and the Moondogs», «Long John and the Beatles», «The Silver Beetles» (som stamma frå Larry Parnes sitt forslag «Long John and the Silver Beetles») – og enda til slutt opp med «The Beatles» etter Sutcliffe føreslo namnet «The Beetles» ('billene'), som ein hyllest til Buddy Holly and The Crickets ('sirissane'). Etter ein turné med Johnny Gentle i Skottland endra dei namnet til «The Beatles». Cynthia Lennon, den første kona til Lennon, føreslo at Lennon kom på namnet Beatles «ein kveld over eit øltilsølt bord i baren Renshaw Hall…». Lennon sa òg at «[dersom du] snur det rundt, vert det ’les beat’, som kling fransk og stilig». Lennon – som var velkjend for å fortelja ulike utgåver av same historia – skreiv i 1961 i ein spøkefull artikkel i Mersey Beat at «[det] kom i eit syn – ein mann dukka opp på ein brennande pai og sa til dei: ’Frå no av er de Beatles med ein A’.»[14]

I mai 1960 var The Beatles på turné i nordaustlege område av Skottland som støtteband for songaren Johnny Gentle. Dei møtte Gentle ein time før den fyrste konserten deira,[12] og McCartney refererte til turnéen som ei stor røynsla for gruppa.[15] Til turnéen hadde det ofte trommeslagarlause bandet med seg Tommy Moore på trommer, som var vesentleg eldre enn dei andre.[16] Etter turnéen gjekk Moore attende til arbeidet sitt på eit tapperi, der han arbeidde som gaffeltrøkk-sjåfør.[17] Norman Chapman var den neste trommeslagaren i gruppa, men vart innkalla til verneplikt etter eit par veker. Avreisa hans førte til ein viss grad til problem for gruppa i og med at den uoffisielle forretningsføraren deira, Allan Williams, hadde avtala at dei skulle halda konsertar i klubbane i Reeperbahn i Hamburg i Vest-Tyskland.[18]

1960–62: Hamburg, Cavern Club og Brian Epstein[endre | endre wikiteksten]

Klubben Indra der The Beatles spelte første gong dei var i Hamburg.

Utan trommeslager før dei komande konsertane i Hamburg, inviterte gruppa den 16. august 1960 Pete Best til å verta fast trommeslagar i The Beatles etter å ha sett Best spela med The Blackjacks i The Casbah Club i Liverpool.[19] Dette var ein kjellarklubb styrt av Mona Best, mor til Pete, i West Derby der The Beatles ofte hadde spela. Fire dagar seinare reiste gruppa til Hamburg. The Beatles byrja i Hamburg med å spela i barane Indra og Kaiserkeller i oktober 1960. Det vart kravd av dei at dei skulle spela seks eller sju timar kvar kveld, sju kveldar i veka. Kort etterpå byrja dei spela ein ny stad, «Top Ten Club». 21. november 1960 vart Harrison sendt ut av landet fordi han hadde loge til dei tyske styremaktene om alderen sin.[20] Snøgt etter dette vart McCartney og Best arresterte, sikta for brannstifting, etter at dei hadde laga eit lite bål inne på rommet i bustaden dei heldt seg i.[21] Dei vart så sende ut av landet. Lennon reiste tilbake til Liverpool i midten av desember, medan Sutcliffe vart verande att i Hamburg med Astrid Kirchherr, som han var trulova med. Gruppa vart samla igjen 17. desember 1960 på the Casbah Club med Chas Newby på trommer for Sutcliffe.[22]

The Beatles reiste tilbake til Hamburg i april 1961. Medan dei spela på Top Ten Club vart dei backingband for Tony Sheridan i ei rekkje innspelingar for det tyske plateselskapet Polydor Records,[23] produsert av den kjende bandleiaren Bert Kämpfert.[24] Kämpfert skreiv plateavtale med dei den fyrste studiodagen, 22. juni 1961. Den 31. oktober sleppte Polydor singelen «My Bonnie (Mein Herz ist bei dir nur)», som dukka opp på dei tyske salslistene under namnet «Tony Sheridan and the Beat Brothers». Dette var eit namn som vart nytta uansett kven som spelte på platene til Sheridan.[25] Eit par eksemplar av plata vart distribuert til amerikanske radiokanalar.[26] Då gruppa reiste tilbake til Liverpool vart Sutcliffe verande att i Hamburg.[27] McCartney tok over på bass.[28]

The Cavern Club i Liverpool er vorten uløyseleg knytt til Beatles.
Foto: George Groutas

Tilbake i Liverpool spelte dei første gong på The Cavern Club den 21. februar 1961. Sceneshowet deira hadde endra seg mykje og enkelte i publikum trudde dei var eit tysk band. Frå 1961 til 1962 heldt The Beatles 292 konsertar på The Cavern, siste gong 3. august 1963.[29]

9. november 1961 såg Brian Epstein, eigar av musikkforretninga North End Music Store (NEMS), The Beatles første gong på klubben. Epstein hadde vorte klar over gruppa etter at han kom over Sheridan/Beatles-innspelinga av «My Bonnie». I eit møte på NEMS den 10. desember 1961 føreslo Epstein at han kunne vere manager for dei.[30]. 24. januar 1962 gjekk Beatles inn i ein femårskontrakt med Epstein.[31] Han fekk løyst dei frå Polydor-kontrakten ettersom Kämpfert berre var interessert i The Beatles som Sheridan sitt backingband. Epstein skipa så selskapet NEMS Enterprises og starta jakta på ein platekontrakt for bandet. Han nytta statusen til NEMS som ein stor plateforhandlar til å nå produsentar og sjefar i plateselskap. I ei no vidgjeten brevvelsking med Dick Rowe, direktør i Decca Records, vart søknaden kontant avslått med orda «Gitargrupper er på veg ut, herr Epstein.»[32] Medan Epstein var i forhandlingar med Decca, møtte han Ron White, som var marknadsansvarleg i EMI.[33] White, som ikkje sjølv var plateprodusent, tok så kontakt med EMI-produsentane Norrie Paramor, Walter Ridley og Norman Newell, som alle nekta å gjera opptak med The Beatles. White tok ikkje kontakt med den fjerde produsenten EMI hadde tilsett, George Martin, som var på ferie på dette tidspunktet.[34]

Det tredje Hamburg-opphaldet til The Beatles var frå 13. april til 31. mai 1962, då dei opna The Star Club.[35] Då dei kom dit, fekk dei vita at Sutcliffe hadde døydd av hjernebløding.[36]

1962: Platekontrakt[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha mislukkast i å overtyda Decca Records med eit tidleg demoopptak, gjekk Epstein til forretninga HMV i Oxford Street i London for å overføre demoteipane til plater. Der møtte han lydteknikaren Jim Foy som viste han vidare til Sid Coleman, leiaren av publikasjonsavdelinga til EMI. Då Coleman høyrde demoopptaka, føreslo han å ta dei med til George Martin, som, ifølgje Coleman, «produserer humoristiske innspelingar» og leidde selskapet Parlophone. Epstein møtte etter kvart Martin, som ønskte å høyre gruppa i studio og signerte ein eittårskontrakt på EMI, med opsjon på fleire år.[37] Han innbydde firemannsgruppa til Abbey Road Studios i Nord-London for prøvespeling den 6. juni.[38] Martin var ikkje stort imponert over demo-opptaka til gruppa, men han likte dei som personar straks han møtte dei.[39] Han konkluderte at dei hadde «naturleg musikalsk talent», men sa i seinare intervju at det som utgjorde skilnaden for han var humoren og viddet dei synte i studioet.[40]

Martin hadde likevel eit problem med Pete Best,[39] som han kritiserte for ikkje å klare å halde takten. Han føreslo løynleg for Epstein at gruppa skulle skaffe ein annan trommeslagar i studio. Best var til dels populær og vart sedd på som kjekk og pen av mange tilhengjarar,[41] men dei tre opphavlege medlemene vart stendig meir og meir misnøgde med populariteten og personlegdomen hans, og Epstein var vorten skikkeleg irritert over korleis Best nekta å tileigna seg den særskilde hårstilen som del av den sameinte utsjånaden deira. Best gjekk òg glipp av ein del avtalar på grunn av sjukdom. Best vart sparka av Epstein den 16. august 1962.[42] Tidlegare hadde dei spurt Richard Starkey, kjend som Ringo Starr, om å verte med i bandet. Han hadde spelt med bandet tidlegare dei gongane Best hadde hatt forfall, og i Hamburg. Starr hadde vore trommeslagar i éi av dei leiande Merseybeat-gruppone, Rory Storm and the Hurricanes.[43] Dei fyrste opptaka av Lennon, McCartney, Harrison og Starr i lag vart gjorde så tidleg som 15. oktober 1960, i ei rekkje demoopptak som vart tekne opp privat medan dei var backingband for Lu Walters.[44] Starr spela den andre gongen The Beatles var i studio hjå EMI den 4. september 1962, men Martin hadde leigt inn studiomusikaren Andy White til den neste stuidoavtalen deira 11. september.[45] Dei einaste innspelingane med White som kom ut var «Love Me Do» og «P.S. I Love You», som er på det første albumet deira Please Please Me.

Platekontrakten deira gav dei ein penny for kvar singel som vart seld, som så vart delt mellom dei fire medlemmene.[46] Dette vart redusert til ein halv penny for singlar seld utanfor Storbritannia. Martin har seinare sagt at det var ein «særs dårleg kontrakt».[46]

Den første innspelinga for EMI den 6. juni 1962 gav ikkje innspelingar som var gode nok til å gjevast ut, men i innspelingane i september eit par månader seinare gav ein liten hit i Storbritannia, «Love Me Do», som gjekk til 17. plass på singellista.[47] «Love Me Do» gjekk inn på den amerikanske singellista 18 månader seinare i mai 1964.

1962–63: Til topps i heimlandet[endre | endre wikiteksten]

26. november 1962 spelte bandet inn den andre singelen sin, «Please Please Me», som nådde andre plass på den offisielle britiske singellista og første plass på NME-lista. Tre månader seinare spelte dei inn det første albumet sitt, Please Please Me. Den første TV-framføringa deira var på People and Places frå ManchesterGranada Television den 17. oktober 1962.[48] Etter kvart som Beatles vart stadig meir kjend vart den ville dyrkinga av gruppa, hovudsakleg kvinnelege tenåringar, kalla «Beatlemania».

Seriøse musikkritikarar byrja òg å legge merke til bandet. 23. desember 1963 skreiv musikkmeldaren William Mann ein artikkel i The Times som rosa songane til The Beatles.[49]

1963–64: Suksess i Amerika[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om bandet opplevde stor suksess i den britiske platemarknaden tidleg i 1963 nekta EMI sitt selskap i Amerika, Capitol Records, å gje ut singlane «Please Please Me» og «From Me to You», den første offisielle førsteplassen deira på den britiske singellista.[50] Vee-Jay Records, eit lite selskap frå Chicago, gav ut singelen. Art Roberts i radiostasjonen WLS i Chicago, plasserte «Please Please Me» på spelelista til stasjonen i februar 1963 og han vart den første Beatles-songen som vart spelt på amerikansk radio. Vee-Jay sine rettar til The Beatles vart seinare oppheva fordi dei ikkje betalte honorar.[51]

I august 1963 gav Swan Records ut «She Loves You», men han vart ikkje spelt særleg på radio. Songen vart testa på fjernsynsprogrammet American Bandstand, men dei amerikanske tenåringane byrja å le då dei såg frisyren til bandet.[52] Tidleg i november 1963 overtalte Brian Epstein Ed Sullivan til å presentere The Beatles på tre utgåver av showet hans i februar, og nytta dette til å få platekontrakt med Capitol Records. Capitol gav i midten av januar ut «I Want to Hold Your Hand».[53] 10. desember 1963 vart ein fem minuttar lang reportasje frå England om Beatlemania-fenoment vist på nyhendene på CBS. Reportasjen hadde første vorte vist morgonen 22. november, med planar om å ha han med i kveldssendinga, men sidan John F. Kennedy vart drepen denne dagen var alle nyhendesendingar fokuserte på dette. Ei tenåringsjente hadde likevel fått med seg morgonsendinga og skriv til radioprogramleiaren Carroll James i Washington DC og bad om å få høyre The Beatles. Carroll James hadde sjølv sett same reportasjen og fekk den nye singelen «I Want to Hold Your Hand» sendt til seg i Washington DC. 17. desember spelte stasjonen songen første gong og fekk særs positiv respons frå lyttarane, slik at dei spelte han meir og meir. Capitol Records fekk med seg denne responsen og fekk singelen gjeve ut 26. desember 1963.[54]

Fleire radiostasjonar i New York starta å spele «I Want to Hold Your Hand» dagen då singelen kom ut. Singelen spreidde seg raskt og selde ein million eksemplar på berre ti dagar. 16. januar 1964 låg singelen på topp på lista til magasinet Cashbox.

1964–66: Beatlemania[endre | endre wikiteksten]

The Beatles vinker til fans på Kennedy-flyplassen i 1964.

7. februar 1964 la The Beatles ut på si første reise til USA.[55]John F. Kennedy Airport vart dei møtt av ein stor folkemasse.[56] Ved Plaza Hotel i New York City vart dei omleira av tilhengjar og journalistar. Harrison hadde feber dagen etter og måtte halde senga, så Neil Aspinall erstatta han på den første øvinga deira for The Ed Sullivan Show.[57]

The Beatles gjorde sin første opptreden på amerikansk fjernsyn på The Ed Sullivan Show den 9. februar 1964. Om lag 74 millionar sjåarar — om lag halvparten av folkesetnaden i USA — såg gruppa spele på programmet.[58] Morgonen etter skriv mange aviser at The Beatles berre var ei «døgnfloge» og at dei aldri kom til å klare å få ein hit i landet.[59] Den første konserten i landet var på Washington Coliseum i Washington, D.C. den 11. februar 1964.[60]

Etter The Beatles sin suksess i 1964 utnytta Vee-Jay Records og Swan Records situasjonen og nytta seg av dei tidlegare rettane sine til å gje ut dei første innspelingane til bandet, og denne gongen gjekk songane inn på Topp 10. I tillegg til Introducing... The Beatles (1964), som i hovudsak var det britiske debutalbumet til The Beatles med små endringar, gav Vee-Jay òg ut den uvanlege plata The Beatles Vs The Four Seasons. Denne dobbelplata bestod av Introducing... The Beatles og The Golden Hits Of The Four Seasons, eit anna populært band som Vee-Jay hadde kontrakt med. Ei anna uvanleg utgjeving var Hear The Beatles Tell All som bestod av to lange intervju med radiovertar i Los Angeles. Vee-Jay/Swan-platene enda til slutt hos Capitol, som gav ut det meste av innhaldet på Vee-Jay-platene på albumet The Early Beatles. I dag er dei første Beatles-platene på Vee-Jay og Swan Beatles ettertrakta hos platesamlarar.[61]

I midten av 1964 la The Beatles ut på turne i Australia, men Ringo Starr hadde halsbetennelse og vart erstatta av Jimmy Nicol. I Adelaide vart The Beatles møtt av over 300 000 menneske ved rådhuset i Adelaide.[62] Ringo var frisk og attende då bandet kom til New Zealand 21. juni 1964.[63]

6. juni 1964 vart A Hard Day’s Night, den første filmen med The Beatles, gjeve ut i Storbritannia. Han var regissert av Richard Lester. Filmen vart gjeve ut på høgda av Beatlemania og fekk god kritikk.[64][65] Desember dette året gav gruppa ut det fjerde albumet sitt, Beatles for Sale.

I juni 1965 gav dronning Elizabeth II dei fire Beatles-medlemmene tittelen Members of the Order of the British Empire, MBE. Denne utnemninga, som til då berre hadde vorte gjeve krigsveteranar og borgarlege leiarar, førte til at konservative MBE-haldarar sa frå seg tittelen i protest.[66] I juli 1965 kom den andre filmen med The Beatles, Help!. Filmen kom i lag med den femte britiske studioalbumet deira, Help!, som òg fungerte som filmmusikk til filmen. 15. august 1965 heldt The Beatles den første stadionkonserten i rockehistoria på Shea Stadium i New York for eit publikum på 55 600.[67]

27. august 1965 kom gruppa til Bel Air for å møte Elvis Presley.[68] Besøket varte fire timar. I følgje biografen Peter Guralnick var Presley i beste fall lunken til møtet med desse personane han berre så vidt visste kven var, og det tok ei stund før alle følte seg komfortable.[68]

Det sjette albumet, Rubber Soul, vart gjeve ut tidleg i desember 1965. Det vart hylla som eit stort sprang framover med modnare og meir kompleks musikk.[69]

1966: Tilbakeslag og kontrovers[endre | endre wikiteksten]

I juli 1966 turnerte Beatles Filippinane og utan å vite det møtte dei ikkje opp til frokost hos førstedama i landet Imelda Marcos.[70] Då dei vart invitert avslo Brian Epstein høfleg på vegne av gruppa, siden gruppa ikkje brukte å akseptere slike «offisielle» invitasjonar.[71] Gruppa fann raskt ut at Marcos-regimeet ikkje var vand til å få slike avslag, og etter at hendinga vart sendt på filippinsk fjernsyn og radio forsvann brått all politivernet rundt Beatles. Gruppa og følgjet deira måtte kome seg på eiga hand til flyplassen i Manila. På flyplassen vart turneleiaren Mal Evans slått og sparka og bandmedlemmene vart skubba rundt av fiendtlege folkemassar.[72] Då dei kom om bord på flyet vart Epstein og Evans beordra av flyet og Evans sa, «Sei til kona mi eg er glad i ho»[73] Epstein vart tvungen til å gje frå seg alle pengane bandet hadde tent før dei fekk gå om bord i flyet att.[74]

Så snart dei kom tilbake frå Filippinane vart ein tidlegare kommentar frå Lennon slått stort opp i det religiøse og konservative USA. I eit intervju med britiske Maureen Cleave[75] sa Lennon at han meinte at kristendomen var døyande og at The Beatles no var «meir populær enn Jesus»[76] Etterpå hadde ein radiostasjon i Birmingham i Alabama ein reportasje om saka der dei på spøk føreslo å brenne Beatles-plater i protest. Mange tok forslaget seriøst og i byar i både USA og Sør-Afrika samla folk seg og gjorde nettopp dette. I eit forsøk på å lysne hendinga sa Harrison «Dei må kjøpe platene før dei kan brenne dei».[77] Etter enormt press frå amerikansk media sa Lennon årsak for ytringane sine under ein pressekonferanse i Chicago 11. august 1966, kvelden før den første konserten på det som vart den siste turneen deira.[78]

Samleplatene som Capitol gav ut annakvart år med songar av The Beatles, men omslaget på Yesterday and Today og ein plakat som reklamerte for den britiske utgjevinga av «Paperback Writer» skapte spetakkel sidan biletet viste bandet kledd som slaktarar med kjøtt og plastdokker omkring.[79] Tusenvis av eksemplar av albumet fekk nye omslag limt oppå. I dag går usensurerte kopiar av Yesterday and Today for ein høg pris, og på ein auksjon i desember 2005 gjekk eit eksemplar for like over 50 000 kroner.[80]

Elvis Presley likte tydelegvis ikkje antikrigssynet til The Beatles og den opne bruken av narkotika, og bad seinare president Richard Nixon om å forby dei fire medlemmene innreiseløyve til USA. Trass i Presley sine utsegner hadde Lennon framleis høge tankar om han og sa «Før Elvis var det ingenting».[81] Bob Dylan respekterte derimot The Beatles og sa at Amerika burde reise statuar av The Beatles og at dei hjelpte med å bringe den amerikanske æreskjensla tilbake.[82]

1966–1969: Studioåra[endre | endre wikiteksten]

Meditasjonsholer ved ashramet til Maharishi Mahesh Yogi.
Vegen og fotgjengarfeltet i Abbey Road utanfor musikkstudioet vart avbilda på framsida til plata Abbey Road.

Under innspelinga av Revolver vart teip-sløyfer og tidleg sampling innført i ei komplisert blanding av balladar, rhythm and blues, soul og verdsmusikk. The Beatles spelte sin siste konsert for betalande tilhengjarar ved Candlestick Park i San Francisco den 29. august 1966.[78][83] Framover konsentrerte Beatles seg om å lage plater. Mindre enn sju månader etter innspelinga av Revolver drog The Beatles tilbake til Abbey Road Studios den 24. november 1966 og starta ein 129-dagar lang innspelingsprosess for det åttande albumet deira, Sgt. Pepper’s Lonely Hearts Club Band, som kom ut 1. juni 1967.

Bandet dukka opp i eit segment i det som var den første verdsomspennande fjernsynssendinga via satellitt, kalla Our World. The Beatles vart sendt direkte frå Abbey Road og den nye songen deira «All You Need Is Love» vart spelt inn på direkten under programmet, men dei hadde laga eit backingspor i løpet av dei fem dagane fram til sendinga.[84]

24. august 1967 møtte The Beatles Maharishi Mahesh Yogi ved Hilton i London. Eit par dagar seinare reiste dei til Bangor i Wales for å verte 'innvigde', og fekk kvart sitt mantra.[85][86][87] Medan dei var i Bangor fekk The Beatles meldinga om at Brian Epstein hadde døydd av ein overdose, berre 32 år gammal. Mot slutten av 1967 opplevde dei den første større negative presseomtalen i Storbritannia for den surrealistiske fjernsynsfilmen Magical Mystery Tour.[88] Ein del av kritikken gjekk på at ein viktig del av filmen var fargar, men at filmen vart vist på TV i svartkvitt. Filmmusikken til Magical Mystery Tour vart gjeven ut i Storbritannia som ein dobbel-EP, medan han i USA kom som ein full LP, som i dag er den offisielle utgåva.

I byrjinga av 1968 var gruppa i Rishikesh i Uttar Pradesh i India og studerte transcendental meditasjon med Maharishi Mahesh Yogi.[89] Denne tida i India vart musikalsk produktiv og mange songane som hamna på albuma The Beatles (White Album) og Abbey Road vart skrive der av Lennon, McCartney og Harrison.[89] Då dei kom tilbake reiste Lennon og McCartney til New York og annonserte danninga av Apple Corps.[90] I midten av 1968 var bandet travelt opptekne med innspelinga av dobbelalbumet The Beatles, som populært vart kalla The White Album på grunn av det heilt kvite plateomslaget. Innspelinga var markert av ei djup splitting i bandet og Starr forlet ei lita stund bandet. Bandet heldt fram med McCartney på trommer på «Martha My Dear», «Wild Honey Pie», «Dear Prudence» og «Back in the USSR». Ein av årsakene til usemja var at den nye kjærasten til Lennon, Yoko Ono, sat ved sida hans nesten heile innspelingsperioden og dei andre følte at McCartney vart for dominerande.[91] Indre strid hadde vorte eit lite, men veksande problem i bandet, men dette viste seg hovudsakleg ved at Harrison fekk få av sine songar inn på Beatles-albuma.

På føretakssida ønskte Lennon, Harrison og Starr Allen Klein frå New York som manager, medan McCartney ønskte forretningsmannen Lee Eastman, som var far til McCartney sin dåverande kjæraste Linda. Tidlegare hadde Beatles vore einige om det meste, men denne gongen kom dei ikkje til semje. Dei tre andre medlemmene følte at Eastman kom til å setje McCartney sine interesser føre dei andre i gruppa. I 1971 vart det oppdaga at Klein, som vart manager for gruppa, hadde stole 5 millionar pund frå The Beatles.

1969–1970: Let It Be og oppløysinga[endre | endre wikiteksten]

Plakett med ord frå «The End», siste songen på Abbey Road og siste songen The Beatles spelte inn saman.

I januar 1969 starta The Beatles eit filmprosjekt for å dokumentere det neste albumet deira, som opphavleg hadde tittelen Get Back. I løpet av innspelinga gjorde bandet ein siste konsert på taket av Apple-bygningen ved 3 Savile Row i London den 30. januar 1969. Det meste av konserten vart filma og seinare med i filmen Let It Be. Prosjektet vart ein kort periode lagt på hylla og The Beatles spelte inn det siste albumet sitt, Abbey Road, sommaren 1969. Ferdiggjeringa av songen «I Want You (She’s So Heavy)» for albumet den 20. august 1969 var den siste gongen alle fire Beatles-medlemmane var i studio samstundes. Lennon fortalde at han kom til å forlate bandet den 20. september 1969, men det vart semje om at det ikkje skulle annonserast offentleg før dei hadde løyst dei juridiske tilhøva. Den siste nye songen deira vart Harrison sin «I Me Mine», spelt inn 3. januar 1970 og gjeve ut på Let It Be. Han vart spelt inn utan Lennon, som var i Danmark på denne tida.[92]

I mars 1970 vart innspelingsteipane til Get Back gjeve til den amerikanske produsenten Phil Spector, som hadde produserte Lennon sin solosingel «Instant Karma!». Spector sin Wall of Sound-teknikk gjekk imot den opphavlege hensikten Beatles hadde for plata, som hadde vore å ha ei enkel liveframføring. McCartney var djupt skuffa over måten Spector hadde handsama «The Long and Winding Road» og eit forsøk på å stoppe utgjevinga av Spector sin versjon gjekk ikkje. McCartney annonserte offentleg at bandet var oppløyst den 10. april 1970, ei veke før han gav ut sitt første soloalbum, McCartney. I mai 1970 kom den Spector-produserte utgåva av Get Back, gjeve ut som Let It Be, etterfølgd av dokumentarfilmen med same namn. Partnerskapet til The Beatles vart ikkje løyst opp før i 1975,[93] men McCartney hadde bede om å løyse partnerskapet opp 31. desember 1970 og enda med det karrieren til bandet i lag.[94]

Tida etter 1970[endre | endre wikiteksten]

Apple-bygningen på 3 Savile Row der Beatles heldt sin vidkjende tak-konsert.

Kort tid før og etter bandet offisielt var løyst opp gav alle dei fire Beatles-medlemmane ut soloalbum. Enkelte av desse albuma inneheld songar av dei andre tidlegare Beatles-medlemmane. Starr sitt album Ringo (1973) var det einaste som inneheld songar av alle fire medlemmar, men då på forskjellige songar. Harrison synte samfunnspolitisk medvit og fekk respekt då han var med å arrangere Concert For Bangladesh i New York City i august 1971 i lag med sitar-spelaren Ravi Shankar. Bortsett frå eit lite musikalsk møte i 1974, spelte aldri Lennon og McCartney inn noko igjen.

Like før The Beatles sin kontrakt med EMI-Capitol gjekk ut i 1975 gav den amerikanske Capitol-avdelinga ut fem plater, eit konsert album og fire samleplater.

John Lennon vart skoten og drepen av Mark David Chapman den 8. desember 1980 i New York City. I mai 1981 gav George Harrison ut «All Those Years Ago»; ein singel skrive om tida hans med The Beatles. Han vart spelt inn ein månad før Lennon døydde med Starr på trommer, og vart seinare omgjort med ny tekst som ein hyllest til Lennon. Paul og Linda McCartney medverka seinare med korvokal på songen.[95]

I 1988 vart The Beatles innlemma i Rock and Roll Hall of Fame etter at dei hadde oppnådd kravet om innlemming gjennom at det var 25 år sidan den første innspelinga deira.[96]

I februar 1994 kom dei tre gjenverande Beatles-medlemmane saman for å produsere og spele inn musikk til eit par av Lennon sine heimeinnspelingar. «Free as a Bird» vart ein del av dokumentarserien The Beatles Anthology og gjeve ut som singel i desember 1995 og «Real Love» i mars 1996. I 2000 vart samlealbumet 1 gjeve ut med nesten alle førsteplassane til bandet frå 1962 til 1970. Samlinga selde 3,6 millionar eksemplar den første veka og meir enn 12 millionar på verdsbasis i løpet av tre veker. Samlinga gjekk til topps i 34 land og selde totalt 25 millionar i heile 2005 og var då om lag det niande mest selde albumet nokon gong.

Seint i 1990-åra fekk George Harrison diagnosen lungekreft og han døydde 29. november 2001.[97]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

Filmar[endre | endre wikiteksten]

  • A Hard Day’s Night (1964)
  • Help! (1965)
  • Magical Mystery Tour (1967) (TV)
  • Yellow Submarine (1968) (Teiknefilm)
  • Let It Be (1970) (Innspelt tidleg 1969)

Norske singlar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Blake, Andrew (1997). The Land Without Music: Music, Culture and Society in Twentieth-century Britain. Manchester University Press. ISBN 0-7190-4299-2 , s. 143
  2. In This Month: June. uktv. Vitja 27. september 2008.
  3. 1960-1969. EMI Group Ltd.. Vitja 27. september 2008.
  4. The American Recording Industry Announces its Artists of the Century. Recording Industry Association of America (RIAA) (10. november 1999). Vitja 27. september 2008.
  5. The Immortals: The First Fifty. Rolling Stone. Vitja 27. september 2008.
  6. The Billboard Hot 100 All-Time Top Artists (20-01) (11. september 2008). Vitja 27. september 2008.
  7. Richard Unterberger. The Beatles Overview. Vitja 27. september 2008.
  8. Spitz (2005), s.93
  9. O’Brien (2001), s.12
  10. Miles (1998), s.47
  11. Spitz (2005), s.126–127
  12. 12,0 12,1 Coleman (1984), s.212
  13. Lennon (2006), s.66
  14. Davies (1985), s.42
  15. Spitz (2005), s.188–193
  16. Lewisohn (1992), s.92
  17. Ray (1984), p.213
  18. Lewisohn (1992), s.215
  19. From Blackjacks to Beatles: How the Fab Four Evolved. Vitja 27. september 2008.
  20. Lennon (2006), s.93
  21. Lewisohn (1992), s.24
  22. Spitz (2005), s.4–5
  23. Lennon (2006), s.97
  24. Lewisohn (1996), s.42
  25. Spitz (2005), s.250
  26. Palowski (1989), s.64
  27. Lewisohn (1992), s.25
  28. Miles (1998), s.74
  29. 'Lennon - The Definitive Biography' av Ray Coleman s. 720
  30. Miles (1998), s.85
  31. Miles (1998), s.88
  32. The Beatles (2000), s.68
  33. Coleman (1989), s.88–89
  34. Coleman (1989), s.93–94
  35. Lewisohn (1996), s.69
  36. Lennon (2006), s.109
  37. Miles (1997), s.90
  38. Davies (1985), s.178
  39. 39,0 39,1 Spitz (2005), s.318
  40. Spitz (2005), pp.318–319
  41. Spitz (2005), s.322
  42. Spitz (2005), s.330
  43. Spitz (2005), s.328
  44. Lu Walters si innspeling Vitja 27. september 2008
  45. Spitz (2005), s.353
  46. 46,0 46,1 Beatles History: 1962Beatles Discography. Vitja 27. september 2008
  47. Love Me Do Vitja 27. september 2008
  48. Harry (2000), s.516
  49. William Mann essay
  50. JPGR Vitja 27. september 2008
  51. The Beatles on Vee Jay Records.
  52. Spitz (2005), s.461
  53. JPGR I Want to Hold Your Hand Vitja 28. januar 2008
  54. I Want to Hold Your Hand Vitja 27. september 2008.
  55. Spitz (2005), s.457
  56. Spitz (2005), s.459
  57. Spitz (2005), s.464
  58. Kozinn, Alan. "Critic's Notebook; They Came, They Sang, They Conquered". The New York Times. 6. februar 2004. Vitja 27. september 2008.
  59. Spitz (2005), s.473
  60. Bill Harry (2000) The Beatles Encyclopedia: Revised and Updated – utgjevingsstad ikkje oppgjeven.
  61. Rare Beatles Vitja 27. september 2008
  62. Ficher, P. og Seamark, K. H. (2005) Vintage Adelaide, s. 70–71 – East Street Publications. ISBN 1-921037-06-7.
  63. Beatles på New Zealand Vitja 27. januar 2008
  64. Andrew Sarris (2004) The Lennon Companion (red. Elizabeth Thomson, David Gutman) – Da Capo Press, New York. ISBN 0306812703.
  65. Corliss, Richard og Schickel, Richard (19. februar 2007). ALL-TIME 100 MOVIES. Vitja 27. september 2008.
  66. Spitz (2005), s.557
  67. The Beatles Off The Record. London: Omnibus Press, s.193. ISBN 0-7119-7985-5
  68. 68,0 68,1 Guralnick 1999, s.211
  69. Allmusic om Rubber Soul. Vitja 27. september 2008.
  70. Spitz (2005), s.619
  71. Spitz (2005), s.620
  72. Spitz (2005), s.623
  73. Spitz (2005), s.624
  74. Spitz (2005), s.625
  75. «The John Lennon I Knew» frå The Telegraph, 5. oktober 2006. Vitja 27. september 2008
  76. Cleave, Maureen (1966). «How Does a Beatle Live? John Lennon Lives Like This». London Evening Standard 4. mars 1966.
  77. Peter Blecha (2004) Taboo Tunes: A History of Banned Bands & Censored Songs, s. 181 – Backbeat. ISBN 0-087930-792-7.
  78. 78,0 78,1 Miles (1998), s.293-295
  79. The Beatles Story, Liverpool
  80. Dennis Gaffney. The Beatles' "Butcher" Cover. Vitja 27. september 2008.
  81. CNN.com Elvis is still everywhere 16. august 2002. [1]
  82. Sounes, Howard, Down the Highway: The Life of Bob Dylan (Doubleday 2001; ISBN 0-552-99929-6) p203
  83. ”The Beatles Anthology” DVD 2003 (Episode 6 - 0:21:34) McCartney snakkar om Candlestick Park.
  84. Miles (1998), s.54
  85. Beatles i Bangor bbc.co.uk 16. november 2006. Vitja 27. september 2008
  86. Miles (1998), s.396
  87. The Beatles Anthology DVD (2003) (Episode 7 - 0:10:33) Harrison snakkar om eit mantra.
  88. Magical Mystery Tour Vitja 28. september 2008
  89. 89,0 89,1 Miles (1998), s.397
  90. The Beatles. Intent Media. Vitja 28. september 2008.
  91. Spitz (2005), s.777–779
  92. Mark Lewisohn. Heftet i The Beatles-boksen
  93. «Beatles 'split letter' auctioned» bbc.co.uk Vitja 28. september 2008
  94. Straight Dope Staff Report: Why did the Beatles break up? The Straight Dope, Vitja 28. september 2008
  95. Keith Badman (1999) The Beatles After the Breakup 1970-2000: A day-by-day diary, s. 284 – Omnibus Press, London. ISBN 0-7119-7520-5.
  96. Hall of Fame Vitja 28. september 2008
  97. George Harrison Dies (30. november 2001). Vitja 28. september 2008.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  • Coleman, Ray (1989) Brian Epstein: The Man Who Made The Beatles – Viking. ISBN 0-670-81474-1.
  • Coleman, Ray (1984) Lennon: The Definitive Biography – Pan boks, New York. ISBN 0-060-98608-5.
  • Davies, Hunter (1985) The Beatles – McGraw-Hill. ISBN 0-070-15463-5.
  • Harry, Bill (2000) The Ultimate Beatles Encyclopedia – MJF boks. ISBN 1-567-31403-1.
  • Lennon, Cynthia (2006) John – Hodder & Stoughton. ISBN 0-340-89828-3.
  • Lewisohn, Mark (1992) The Complete Beatles Recording Sessions: The Official Story of the Abbey Road års – Hamlyn. ISBN 0-681-03189-1.
  • Mark Lewisohn (1996) The Complete Beatles Chronicle – Chronicle Press. ISBN 1-85152-975-6.
  • Miles, Barry (1998) Many Years from Now – Vintage-Random House. ISBN 0-749-38658-4.
  • O’Brien, Ray (2001) There are Places I'll Remember – Ray O’Brien, London. ISBN 0-954-44730-1.
  • Pedler, Dominic (2003) The Songwriting Secrets of The Beatles – Omnibus Press. ISBN 0-7119-8167-1.
  • Spitz, Bob (2005) The Beatles: The Biography – Little Brown. ISBN 0-316-80352-9.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: The Beatles

God artikkel