Aba Andam

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Aba Andam
Fødd1948
Ghana
NasjonalitetGhana
Områdepartikkelfysikk
Yrkefysikar
InstitusjonarKwame Nkrumah University of Science and Technology
Alma materUniversity of Cape Coast
University of Birmingham
Universitetet i Durham

Aba A. Bentil Andam (fødd i 1948) er ein ghanesisk partikkelfysikar og president av Ghana Academy of Arts and Sciences sidan 2017.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Aba A. Bentil Andam blei fødd i Ajumako Kokoben i Ghana i 1948. Ho byrja å studera ved University of Cape Coast i Ghana, og fortsette deretter studiane i Storbritannia. Ho tok ein mastergrad ved University of Birmingham og doktorgrad ved Durham University.[1] Andam blei professor ved Kwame Nkrumah University of Science and Technology i 1981.

I 1986 og 1987 studerte ho meson med charm-flavour ved det tyske forskingssenteret DESY (Deutsches Elektronen-Synchrotron). Ho forska på radon og gjorde undersøkingar av radon-mengder og menneske si utsetjing for den radioaktive gassen fleire stader i Ghana.[1][2]

Aba Andam blei leiar for fysikk-fakultetet ved Kwame Nkrumah University of Science and Technology ved midten av 2000-åra.[1] Ho har forska på anvendt kjernefysikk ved Nuclear Research Laboratory i Kumasi. I januar 2017 blei ho vald til president for Ghana Academy of Arts and Sciences for ein toårsperiode.[3]

Frå 1987 tok ho del i utdanningsprogram retta mot å auka kvinner si deltaking i naturvitskap.[2] Andam har også vore leiar for UNESCO sitt Women in Science and Technology-program i Vest-Afrika.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Yount, Lisa (2007). «Andam, Aba A. Bentil». A to Z of Women in Science and Math (Revised utg.). New York: Facts on File. 
  2. 2,0 2,1 «Andam, Aba A. Bentil (c. 1960–)». Dictionary of Women Worldwide: 25,000 Women Through the Ages. 2007. 
  3. Nyabor, Jonas. «Ghana Academy of Arts and Sciences gets 2nd female president». Citi FM Online. Henta 3 February 2017.