Abd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Abd er eit arabisk ord som tyder 'tenar' eller 'slave'. Den arabiske skrivemåten for abd er عبد‎, 'abd. Fleirtal for tydinga 'tenar' er ibad og for slave abid.

I religiøs samanheng tyder Abd 'ein som tener Gud', og kan brukast om profeten Muhammed, eller som førsteledd i muslimske eller kristne namn. I islam blir det sett føre eit av Guds 99 namn, og kan ifølge muslimsk tradisjon ikkje brukast før andre uttrykk, ettersom ein ikkje skal tena og lyda andre enn Gud. Vanlege samansetjingar er Abdul, Abdullah, Abd al-Rahman, Abd al-Halim, Abd al-Qadir og Abd al-Wahid.

Kristne arabarar kan ha namn som Abd al-Masih ('tenar av Messias), Abdul Salib ('tenar av krossen') eller Abdul Yasu` ('tenar av Jesus').

Ein tidleg leiar av bahai, Abbas Effendi, tok tittelen Abdulbahá, der bahá er rekna som det hundrande og viktigaste namnet på Gud.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • caplex.no
  • John Bowker, red. (2000), «'Abd», The Concise Oxford Dictionary of World Religions, Oxford University Press Inc. 
  • John Bowker, red. (2000), «'Abdu'l-Baha», The Concise Oxford Dictionary of World Religions, Oxford University Press Inc. 
  • John L. Esposito, red. (2003), «Abd», Oxford Dictionary of Islam, Oxford University Press Inc. 
  • Neusner, Jacob; Chilton, Bruce; Graham, William Albert (2002), Three faiths, one God, BRILL