Abdullah Gül

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
President Abdullah Gül

Abdullah Gül (fødd 29. oktober 1950 i Kayseri) er Tyrkia sin 11. president. Han høyrer til partiet AKP.

Gül har utdanning i økonomi frå Universitetet i Istanbul, med doktorgrad derfrå i 1983.[1] Han arbeidde som økonom ved den islamske utviklingsbanken i Jidda frå 1983 til 1991.[1]

Etter at AKP vann valet i 2002 var Gül var statsminister frå november 2002 til mars 2003.[1] Partileiaren Recep Tayyip Erdogan kunne ikkje verte statsminister fordi han var tidlegare straffedømd for religiøs verksemd. Då denne delen av grunnlova vart fjerna i 2003 trekte Gül seg som statsminister for at Erdogan skulle kunne ta over.[2] Gül vart vise-statsminister og utanriksminister i 2003 i Erdogans nye regjering. Som utanriksminister var Gül aktivt med i forhandlingane med EU om eit tyrkisk EU-medlemskap, noko han sjølv er tilhengjar av.

I april 2007 utnemnde regjeringa Erdogan Gül til sin kandidat for presidentposten, til harde protestar frå opposisjonen. Protestane kom i stor grad av Gül si fortid som islamist.[3][4] Gül vart valt til president 28. august 2007.

Personleg liv[endre | endre wikiteksten]

Abdullah Gül vart fødd i Kayseri 29. oktober 1950 som son til Adeviye Gül og Ahmet Hamdi Gül.[1]

I 1980 gifta Abdullah Gül seg med den då 15 år gamle kusina si, Hayrünnisa Özyurt (fødd 1965).[5] Paret har tre barn; to søner kalla Mehmet Emre og Ahmet Münir og ei dotter kalla Kübra. Gül er er fan av fotballklubben Beşiktaş J.K..[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]