Partiet for rettferd og utvikling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Partiet for rettferd og utvikling

LandTyrkia
Partileiar(ar)Recep Tayyip Erdoğan
GeneralsekretærFatih Şahin
GrunnleggjararRecep Tayyip Erdoğan
Grunnlagt14. august 2001[1]
HovudkvarterAnkara
Medlemstal11 241 230 (26. mars 2023)[1]
Ideologimarknadsliberalisme, Neo-ottomanisme, konservativt demokrati, sosialkonservatisme, nasjonalkonservatisme, sentralisme, erdoğanisme, euroskeptisisme Sjå dette på Wikidata
Politisk posisjonhøgresida
Valmøte for AKP i 2007

Adalet ve Kalkınma Partisi, norsk Partiet for rettferd og utvikling, AK Parti eller AKP,[2] er eit tyrkisk politisk parti skipa i 2001. Sidan 2002 har partiet vore styrande i Tyrkia. Partiet kallar seg sjølve sentrum-høgre og konservativt.

Historie[endre | endre wikiteksten]

AKP var skipa i 2001 som ei samanslutning av politikarar frå fleire andre parti, i lag med personar som ikkje tidlegare hadde vore medlemmar av noko politisk parti. Sentrale personar som Recep Tayyip Erdoğan og Abdullah Gül kom frå den moderate delen av det islamistiske Fazilet Partisi (Dydspartiet) som var blitt forbode av tyrkisk høgsterett. Andre kom mellom anna frå Anavatan Partisi (Fedrelandspartiet) og Demokrat Parti (Det demokratiske partiet).[3][4]

Ved valet til det tyrkiske parlament 3. november 2002 oppnådde partiet 34,26  % av røystene. På grunn av det tyrkiske valsystemet som har ei sperregrense på 10 % gjorde dette at mange av dei andre partia ikkje vart representert i parlamentet og AKP fekk 363 mandat som utgjorde 66 % av seta i nasonalforsamlinga. Det republikanske folkepartiet var det einaste andre partiet som kom over sperregrensa ved dette valet.[5][6]

Partileiar Recep Tayyip Erdoğan vart nekta å stille til val sidan han i 1999 vart dømd til fengsel for å ha lese eit islamistisk dikt på eit valmøte i 1998. Abdullah Gül blei derfor statsminister. Men gjennom ei lovendring fekk Erdoğan stille til et supplerande val i 2003, der han fekk plass i parlamentet og så overtok som statsminister. Gül gjekk då over til å bli utanriksminister.[4]

Ved valet til nasjonalforsamlinga i 2007 gjekk partiet fram til å få 46,58 % av røystene. I mandatfordeling gjekk dei likevel tilbake til 341 sidan fleire andre parti kom over sperregrensa ved dette valet.[7]

I 2012 oppløyste det då to år gamle partiet HSP seg og slutta seg saman med AKP, med dei fleste av dei valde delegatene deira.[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 https://www.yargitaycb.gov.tr/icerik/1095.
  2. AK Parti er offisiell forkorting for partiet, som dokumentert i tredje kapittel i partiprogrammet, medan AKP er forkortinga som motstandarane til partiet gjerne nyttar.
  3. Halil İbrahim Yazici: The Analysis Of A Party In Key Questions:Justice And Development Party Academia.edu, vitja 10. juni 2013
  4. 4,0 4,1 Turkey profile (Leaders) BBC, vitja 10. juni 2013
  5. European Court of Human Rights - case of Yumak and Sadak v. Turkey (2007) Legislationonline.com, vitja 10. juni 2013
  6. «TÜRKİYE SEÇİMLERİ - Milletvekili Genel». Arkivert frå originalen 23. juli 2011. Henta 11. juni 2013. 
  7. Barry Rubin (13. juni 2011): Stealth Islamism in Turkey Jerusalem Post, vitja 10. juni 2013
  8. HSP dissolves itself as its leader plans to join the ruling party Hurrietdailynews, 20.09.2012 (vitja 11. juni 2013)