Jidda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 21°32′36″N 39°10′22″E
Jidda
جدة
by
none  Jidda
Jidda
Motto: Jidda er annleis
Kallenamn: Brura ved Raudehavet
Land Flag of Saudi Arabia.svg Saudi-Arabia
Provins Mekka (Mekka)
høgd 12 moh
Koordinatar 21°32′36″N 39°10′22″E
Areal 1 600 km²
Folketal 3 400 000 (2007) [1]
Tettleik 2 125 / km²
Grunnlagd 500-talet fvt.
borgarmeister Hani Abu Ras[2]
Tidssone AST (UTC+3)
 - Sommartid AST (UTC+3)
Retningsnummer +966-12
Verdsarvstad
Namn Historiske Jidda, porten til Mekka
År 2014 (#38)
Nummer 1361
Region Midtausten
Kriterium ii, iv, vi
Saudi Arabia location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Jeddah

Jidda (stundom Jeddah, Jiddah eller Jedda ; arabisk جدة, Jiddah eller Jaddah, Mal:IPA-ar) er ein by i regionen Hijaz Tihamah ved kysten av Raudehavet og er eit stort bysentrum vest i Saudi-Arabia. Han er den største byen i Mekka-provinsen, den største hamnebyen ved Raudehavet, og den nest største byen i Saudi-Arabia etter hovudstaden, Riyadh. Med eit folketal på kring 3,4 millionar innbyggjarar, er Jidda eit viktig handelssenter i Saudi-Arabia.

Jidda er den viktigaste inngangsporten til Mekka, den mest heilage byen i islam, som muslimar som kan må vitje minst ein gong i levetida si. Det er òg ein inngangsport til den nest mest heilage staden i islam, Medina.

Økonomisk fokuserer Jidda på å vidare utvikle store investeringar i leiarskap innan forsking og ingeniørvitskap i Saudi-Arabia og Midtausten.[3] Jidda vart rangert på fjerdeplass i AfrikaMidtausten-regionen innan nyskaping i 2009.[4]

Jidda er ein av dei viktigaste feriebyane i Saudi-Arabia og har status som verdsby hos Globalization and World Cities Study Group and Network (GaWC). Sidan byen ligg nær Raudehavet, dominerer fisk og sjømat matkulturen, i motsetnad til andre delar av landet. Byen vert skildra som «annleis» av dei fleste saudiarabarane i eit forsøk på å fremje turisme i byen, og han har tidlegare vorte rekna som den «mest opne» byen i Saudi-Arabia.

Historisk har Jidda vore kjend for vekslarane sine, og den største av desse (sjeik Salem Bin Mahfouz) grunnla den første banken i Saudi-Arabia, National Commercial Bank (NCB).

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Det finst minst to forklaringar til namneopphavet til Jidda, i følgje Jidda Ibn Al-Qudaa'iy, høvdingen i Quda'a-klanen. Den vanlegaste forklaringa er at namnet kjem frå جدة Jaddah, som er arabisk for «bestemor». I følgje austleg folketru ligg grava til Eva, frå Adam og Eva i Jidda.[5] Grava vart forsegla med betong av religiøse styresmakter i 1975, fordi somme muslimar bad ved staden.

Ibn Battuta (1304–1368), ein berbisk reisande, vitja Jidda under den store reisa si. Han skreiv at namnet på byen var «Jiddah».[6]

På offisielle saudiarabiske kart og dokument vert namnet på byen transkribert «Jidda», som i dag er den mest vanlege forma.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Jidda, midt på 1800-talet.
Jidda i 1938

Før islam[endre | endre wikiteksten]

Utgravingar i gamlebyen indikerer at Jidda vart grunnlagd som ei fiskegrend i 522 fvt. av den jemenittiske Quda'a-stamma (بني قضاعة), som drog frå det sentrale Jemen for å busetje seg i Mekka[7] etter øydelegginga av Maribdammen i Jemen.[8]

Andre arkeologiske undersøkingar har synt at området tidlegare var busett av folk i steinalderen, då ein fann nokre thamudskifter i Wadi Briman (وادي بريمان), vest for byen, og Wadi Boweb (وادي بويب), nordvest for byen. Byen Jidda var ei viktig hamn for den nabateiske røykjelseshandelen. Den eldste mashrabiya som er funnen i Jidda er datert attende til før-islamsk tid.

Rashidun-kalifatt[endre | endre wikiteksten]

Jidda vart først viktig kring år 647 evt., då den tredje muslimske kalifen, Uthman Ibn Affan (عثمان بن عفان), omgjorde byen til hamnebyen for Mekka i staden for Al Shoaiba sørvest for Mekka.[9] Sidan då har Jidda vore hovudbyen i den historiske provinsen Hijaz og ei historisk hamn for pilegrimar som kom sjøvegen under pilegrimsreisa hajj til Mekka.

Fatimidekalifatet[endre | endre wikiteksten]

I 969 evt. tok fatimidane frå Algerie kontroll over Egypt frå Ikhshididedynastiet og utvida riket sitt til områda rundt, inkludert Hijaz og Jidda. Fatimidane utvikla eit omfattande handelsnettverk i både Middelhavet og Indiahavet gjennom Raudehavet. Handelen og dei diplomatiske banda deira strekte seg heilt til Kina og Songdynastiet, som etter kvart sette den økonomiske kursen for Tihamah under høgmellomalderen.

Ajjubideriket[endre | endre wikiteksten]

Etter Saladin erobra Jerusalem utnemnde han seg sjølv i 1171 til sultan over Egypt, etter han oppløyste Fatimidekalifatetal-Adid døydde. Slik oppretta han Ajjubidedynastiet. Ajjubidane erobra Hejaz, inkludert Jidda, som kom med i Ajjubideriket i 1177 under Sharif Ibn Abul-Hashim Al-Thalab (1094–1201). I løpet av den relativt korte levetida, førte ajjubidestyret til økonomisk velstand i områda dei kontrollerte, og anlegga og vernet som ajjubidane gav, førte til at auka intellektuell aktivitet i den islamske verda. I denne perioden vart òg sunnimuslimane langt meir dominerande i regionen og det vart oppretta mange madrasas (islamskular) i dei store byane deira. Jidda tiltrekte seg muslimske sjøfolk og handelsfolk frå Sindh, Søraust-Asia og Aust-Afrika, og andre fjerntliggande område.

Mamelukksultanantet[endre | endre wikiteksten]

Etter hendingane i Kairo i 1254 og oppløysinga av Ajjubideriket, vart Hijaz ein del av Mamelukksultanatet. Den portugisiske utforskaren Vasco da Gama, som segla rundt Kapp Det gode håp og over Indiahavet til kysten av Malabar og Calicut, gjekk til åtak på flåtar som førte varer og muslimske pilegrimar frå India til Raudehavet, og innjaga skrekk i dei kringliggande makthavarane. Prinsane i Gujarat og Jemen bad Egypt om hjelp. Sultanen Al-Ashraf Qansuh al-Ghawri utrusta så ein flåte på 50 fartøy under admiralen sin, Hussein kurdaren. Det vart etter kort tid bygd ein steinmur i Jidda med hjelp av tvangsarbeid, som ei hamn for folk som flykta frå portugisarane, slik at Arabia og Raudehavet vart verna. Delar av bymuren står framleis i dag i gamlebyen. Sjølv om portugisarane vart drivne bort frå byen, tok dei flåtane som segla i Indiahavet. Dette synte seg mellom anna i slaget ved Diu mellom portugisarane og dei arabiske mamelukkane. Gravplassen til den portugisiske soldatane ligg framleis i gamlebyen i dag og vert omtalt som Dei kristne gravene.[10]

Det osmanske riket[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Hejaz vilayet.
Den osmanske admiralen Selman Reis forsvarte Jidda mot eit portugisisk åtak i 1517.

I 1517 erobra dei osmanske tyrkarane Mamelukksultanatet i Egypt og Syria, under regjeringstida til Selim I.[11] Sidan områda til Mamelukksultanatet omfatta Hijaz, hamna Jidda og den heilage byen Mekka under osmansk styre. Osmanarane ombygde dei svake murane i Jidda i 1525 etter sigeren deira over armadaen til Lopo Soares de Albergaria i Raudehavet. Den nye tyrkiske muren bestod av seks vakttårn og seks byportar. Dei vart bygde for å forsvare mot eit portugisisk åtak. Av dei seks portane var Mekkaporten den austlege og Al-Magharibahporten den vestlege. Sharifporten vendte mot sør. Dei andre portane var Al-Buntporten, Al-Shamporten (òg kalla Al-Sharafporten) og Medinaporten mot nord.[12] Tyrkarane bygde òg Jidda qishla, ei lita borg for soldatane i byen. På 1800-talet vart dei sju portane minimerte til fire enorme portar med fire tårn. Desse enorme portane var Shamporten i nord, Mekkaporten i aust, Sharifporten i sør og Al-Magharibahporten på sjøsida.

Ahmed Al-Jazzar, den osmanske militære som hovudsakleg er kjend for rolla si i omleiringa av Akko, var i starten av karrieren sin i Jidda. I Jidda i 1750, tok han livet av kring 70 opprørske nomadar som hemn for at dei hadde teke livet av kommandanten hans, Abdullah Beg, og han fekk kallenamnet «Jezzar» (slaktaren).

Den 15. juni 1858 var det opprør i byen, som ein trur vart starta av den tidlegare politisjefen som ein reaksjon til den britiske politikken i Raudehavet. Dette førte til ein massakre av 25 kristne, inkludert den britiske og den franske konsulen, familiemedlammane deira og rike, greske handelsmenn.[13] Den britiske fregatten HMS «Cyclops», ankra opp i hamna og bombarderte byen i to dagar for å få attende lov og orden.[14]

Den første saudiarabiske staten og den osmansk-saudiarabiske krigen[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå den osmansk-saudiarabiske krigen.

I 1802 erobra Nejdi-styrkar både Mekka og Jidda frå osmanarane. Då sharif Ghalib Efendi informerte sultan Mahmud II om dette, gav sultanen den egyptiske statthaldaren Muhammad Ali Pasha om å ta attende byen. Muhammed Ali klarte å ta byen i slaget ved Jidda i 1813.

Fyrste verdskrigen og det hashemittiske kongedømet[endre | endre wikiteksten]

Mohammed Abu Zenada, ein av høvdingane i Jidda og rådgjevaren til sharifen under overgjevinga til kong Abdulaziz Ibn Saud i 1925
For meir om dette emnet, sjå det arabiske opprøret og Kongedømet Hejaz.

Under fyrste verdskrigen, erklærte sharif Hussein bin Ali eit opprør mot Det osmanske riket, og søkte sjølvstyre frå dei osmanske tyrkarane for å skape ein enkel, samla arabisk stat som strekte seg frå Aleppo i Syria til Aden i Jemen.

Kong Hussein erklærte Kongedømet Hejaz. Seinare var Hussein involvert i ein krig med Ibn Saud, som var sultan i Nejd. Hussein abdiserte etter at Mekka falt i desember 1924, og sonen Ali bin Hussein vart den nye kongen.

Kongedømet Saudi-Arabia[endre | endre wikiteksten]

Kong Abdulaziz sit med Abdullah Ali Reda på dagen han gjekk inn i Jidda i 1925.

Eit par månader seinare erobra Ibn Saud, som opphavleg kom frå den sentrale provinsen Nejd, Medina og Jidda via ein avtale med innbyggjarane i Jedda etter det andre slaget ved Jidda. Han avsette Ali bin Hussein, som flykta til Bagdad, og slo seg til slutt ned i Amman i Jordan, der etterkomarane hans vart ein del av den hashemittiske kongefamilien.

Jidda kom slik under styret til Al-Saud-dynastiet i desember 1925. I 1926 la Ibn Saud til tittelen konge av Hejaz til stillinga si som sultan av Nejd. I dag har Jidda mista den historiske rolla si i politikken på halvøya, då Jidda vart lagt til den nye provinsen Mekka, der provinshovudstaden er byen Mekka.

Frå 1928 til 1932 vart det nye Khuzam-palasset bygd som den nye residensen til kong Abdul Aziz i Jidda. Palasset ligg sør for gamlebyen og vart bygd av ingeniøren Muhammed bin Laden. Etter 1963 vart palasset nytta som kongeleg gjestehus. Sidan 1995 har det husa Det regionale museet for arkeologisk og etnografi.[15]

Dei attverande murane og portane frå gamlebyen vart øydelagde i 1947. Ein brann i 1982 øydela somme eldgamle bygningar i sentrum av gamlebyen, kalla Al-Balad, men mykj er framleis bevart, trass i kommersielle interesser om å rive ned dei gamle husa og byggje moderne høghus. I 1979 vart gamlebyen undersøkt hus for hus og synte at det stod kring tusen tradisjonelle bygningar på staden. I 1990 vart Departementet for bevaring av det historiske området i Jidda grunnlagd.[16][17]

Den moderne byen har vokse kraftig utafor dei opphavlege grensene. Det utbygde område utvida seg hovudsakleg nordover langs kysten av Raudehavet, og nådde den nye flyplassen i 1990-åra, og sidan mot Ob'hurelva, kring 27 km frå sentrum av gamlebyen.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kart over Jidda frå OpenStreetMap.

Jidda ligg på den saudiarabiske kystsletta ved Raudehavet, kalla Tihamah, og i regionen Hijazi Tihama (arabisk تهامة الحجاز), som er den lågare delen av Hijazfjella. Historisk, politisk, og kulturelt var Jidda ein storby i Hejaz vilayet, Kongedømet Hejaz og andre regionale, politiske einingar. Han er den 100. største byen i verda etter areal.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Jidda har ørkenklima (BWh) i Köppen si klimaklassifisering. I motsetnad til andre saudiarabiske byar, har Jidda framleis høge temperaturar om vinteren, og kan varierer frå 15 ºC om natta til 28 ºC om ettermiddagen. Sommartemperaturane er særs høge, og når ofte opp i 45 ºC på ettermiddagen og fell til 30 ºC om natta. Det kjem særs lite nedbør i Jidda, og det vesle som kjem, kjem som regel i november og desember. Ein kan stundom få kraftige torevêr om vinteren. Torevêret i desember 2008 var det største i manns minne, og det kom då kring 75 mm på kort tid. Den lågaste temperaturen som er målt i Jidda var 11,0 ºC i mars 1983.[18] Varmerekorden i Jidda er 49,0 ºC frå 9. juni 1961.[18]

Det oppstår sandstormar på sommaren, og stundom om vinteren, som kjem frå ørkenane på Den arabiske halvøya eller frå Nord-Afrika.

Klimadata for Jidda
Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Varmerekord °C 34.5 36.0 40.2 44.5 48.2 49.0 45.0 44.0 48.0 44.5 39.0 36.0 49
Normal maks. temp. °C 29.0 28.8 31.1 33.4 35.4 36.9 37.6 37.2 36.1 35.0 32.3 29.8 33 55
Døgnmiddeltemp. °C 25.0 23.5 25.1 27.6 29.6 30.3 32.4 32.1 30.7 29.1 27.0 24.7 28 09
Normal min. temp. °C 21.0 18.4 20.1 22.1 24.1 24.9 26.3 27.1 25.9 23.8 22.2 19.9 18,4
Kulderekord °C 11.4 11.5 11.0 13.5 16.4 20.0 20.5 22.0 17.0 15.6 15.0 11.4 11
Nedbør (mm) 13.9 5.6 1 5.1 1.5 0 0.2 0 0 2.4 11.9 11.9
relativ fukt 73 61 60 60 60 61 57 62 69 67 64 59 62,8
[treng kjelde]

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Mall of Arabia er det største kjøpesenteret i Jidda.
Al-Andalus kjøpesenter i Jidda.

Jidda har lenge vore ein hamneby. Sjølv før han vart ein hamneby for Mekka, var Jidda eit handelssenter i regionen. På 1800-talet vart varer som perlemor, skjelpaddeskal, røykjelse og krydder ofte eksporterte frå byen. Utanom dette vart det importert mange varer til byen som skulle vidare til Suez, Afrika eller Europa. Mange varer som passerte gjennom Jidda var ikkje ein gong mogeleg å skaffe i byen eller i Arabia.[19]

Alle hovudstadane i Midtausten og Nord-Afrika ligg innafor ein to timar flytur frå Jidda, og han er det nest største kommersielle senteret i Midtausten etter Dubai.[20]

Industriområdat i Jidda er den fjerde største industribyen i Saudi-Arabia etter Riyadh, Jubail og Yanbu.

Kong Abdullah-gata[endre | endre wikiteksten]

Kong Abdullah-gata er ei av dei viktigaste gatene i Jidda og strekkjer seg frå Kong Fahd-vegen ved havet i vest til austenden av byen. Her ligg kontor for mange store selskap og mange butikkar.

Tahliyah-gata[endre | endre wikiteksten]

Tahaliyah-gata er ei viktig mote- og handlegate sentralt i Jidda. Her ligg mange dyre butikkar. Han har i nyare tid fått namnet Prins Mohammad bin Abdul Aziz-vegen.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Religion[endre | endre wikiteksten]

Ei kvinne frå Jidda i tradisjonelle klede, 1873.

Dei fleste innbyggjarane er sunnimuslimar. Styret, rettsvesen og lovene følgjer sjariahlovene. Ein særs liten del av saudiarabiske borgarar er sjiamuslimar, og det finst òg mange utanlandske arbeidarar som ikkje har lov til å følgje sine ikkje-islamske religionar, sjølv privat, men dette vert ikkje mykje handheva.

Byen har over 1 300 moskéar.[21] Lova tillet ikkje noko anna enn religiøse bøker, ikon og uttrykk for religion. Men ein tolererer stundom privat religiøs praksis som ikkje involverer muslimar eller støyter ålmenta og offentleg moral.

Sidan 600-talet har Jidda vore vertskap for millionar av muslimske pilegrimar frå heile verda som er på veg til hajj. Dette har hatt stor innverknad på samfunnet, religionen og økonomien i Jidda. Det fører òg med seg ein årleg risiko for sjukdom, som dei lokale kallar 'hajjisjukdomen', som er eit samleomgrep for forskjellige virussjukdomar.

Mat[endre | endre wikiteksten]

Saudiarabisk kabsa

Den multi-etniske folkesetnaden i Jidda har påverka dei tradisjonelle matvanane i Jidda.

Som i andre saudiarabiske byar er Nejd-retten kabsa populær i Jidda, ofte laga av kylling i staden for lam. Den jemenittiske retten mandi er òg populær som lunsjmåltid. Mat frå Jidda er òg populært som mabshoor, mitabbak, foul, areika, hareisa, kabab meiroo, shorabah hareira (hareirasuppe), migalgal, madhbi (kylling grilla på stein), madfun (tyder «gravlagd»), magloobah, kibdah, manzalah (vanlegvis eten under Eid ul-Fitr), ma'asoob, magliya (ein lokal versjon av falafel), saleeig (ein lokal rett laga av mjølkeris), hummus, biryani, ruz kabli, ruz bukhari og saiyadyia. Dette får ein servert i mange tradisjonelle restaurantar i byen, som Althamrat, Abo-Zaid, Al-Quarmooshi, Ayaz og Hejaziyat.

Grilla matrettar som shawarma, kofta og kebab har ein god marknad i Jidda. Under ramadan, er sambousak og ful særleg populære som kveldsmåltid.

Den mest populære, lokale hurtigmatkjeden, som starta i 1974, er Al Baik, med restaurantar i Jidda og nabobyane Mekka, Medina og Yanbu. Hovudretten deira er grilla kylling, som i Jidda vanlegvis blir kalla «Brost», og mykje forskjellig sjømat.[22].

Indisk, pakistansk og anna asiatisk mat er òg populært. Ein kan òg finne somme italienske, franske og amerikanske restaurantar.

Friluftskunst[endre | endre wikiteksten]

Sykkelrundkøyringa er ein sykkelskulptur og ein av dei mest kjende landemerka i Jidda.

Under oljeboomen i 1970- og 1980-åra vart det auka fokus på å sette ut kunst i dei offentlege områda i Jidda. Jidda har derfor mange moderne friluftsskulpturar og kunstverk, ofte i rundkøyringane. Her finst kunstverk av Jean/Hans Arp, César Baldaccini, Alexander Calder, Henry Moore, Joan Miró og Victor Vasarely. Dei syner ofte tradisjonelle saudiarabiske ting som kaffikanner, røykjelsesbrennarar, palmetre osv. Sidan islamsk tradisjon forbyr avbilding av levande vesen, særleg menneske, har det oppstått mykje kreativ, og stundom bisarr, kunst. Dette omfattar eit gigantisk geometrisett, ein enorm sykkel, og ei stor blokk med betong med bilar som kjem ut i forskjellige vinklar. Ein monumental skulptur av Aref Rayess er tileigna Allah (Gud).

Museum og samlingar[endre | endre wikiteksten]

Det finst kring eit dusin museum eller samlingar i Jidda med forskjellige utdanningsmål.[23] Desse omfattar Jidda regionale museum for arkeologisk og etnografi, driven av Visedepartementet for antikvitetar og museum, Jidda kommunale museum, Nasseef-huset, Menneskearvmuseet, det private Abdul Rauf Hasan Khalil-museet og det private Kunstarvmuseet.

Media[endre | endre wikiteksten]

Jidda TV-tårn i Al-Balad.

I Jidda ligg kontra til fire store arabiskspråklege aviser, Asharq Al-Awsat, Al Madina, Okaz og Al Bilad, i tillegg til to store engelskspråklege aviser, Saudi Gazette og Arab News. Okaz og Al-Madina er dei største avisene i Jidda og somme andre saudiarabiske byar, med over ein million lesarar. Fokuset deira er hovudsakleg lokalt.

Jidda representerer det største radio- og fjernsynsmarknaden i Saudi-Arabia. TV-stasjonar som tener byen og området er mellom andre Saudi TV1, Saudi TV2, Saudi TV Sports, Al Ekhbariya, ART channels network og hundrevis av kabel, satellitt og andre spesial-TV-kanalar.

Jidda TV-tårn er eit 250 meter høgt TV-tårn med ein observasjonsplattform .

Al-Balad (Jidda sentrum)

Hotell[endre | endre wikiteksten]

Jidda Rosewood Hotel (til venstre).

Byen har fleire popuære ferieanlegg, som Durrat Al-Arus, Al-Nawras Mövenpick ved Raudehavet, Crystal Resort, Radisson Blu, Signature Al Murjan Beach Resort, Al Nakheel Village, Sands, og Sheraton Abhur. Mange er kjende for bevaringa deira av sjølivet og korallreva i Raudehavet.

Konsultatet[endre | endre wikiteksten]

Eit av to amerikanske konsultat i Saudi-Arabia ligg i Jidda, i tillegg til konsultat for 67 andre land, som Afghanistan, Storbritannia, Indonesia, Frankrike, Tyskland, Hellas, Tyrkia, Filippinane, India, Pakistan, Bangladesh, Italia, Russland og Folkerepublikken Kina, i tillegg til land i Organisasjonen for islamsk samarbeid og Den arabiske ligaen.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

I 2005 hadde Jidda 849 offentlege og private skular for mannlege elevar og 1 179 offentlege og private skular for kvinnelege elevar.[24]

Av universitet og høgskular i Jidda finn ein:

Laboratorium i King Abdullah University of Science and Technology (KAUST)
Den medisinske høgskulen ved King Abdulaziz University

Transport[endre | endre wikiteksten]

King Abdulaziz internasjonale flyplass
Jidda hamn
Kong Abdullah-gata

Flyplass[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå King Abdulaziz International Airport.

Jidda vert tent av King Abdulaziz internasjonale flyplass. Flyplassen har fire passasjerterminalar. Ein av dei er Hajj-terminalen, ein spesiell utandørsterminal dekt av store, kvite telt, som vart bygd for å ta i mot dei meir enn to millionar pilegrimane som passerer gjennom flyplassen under hajj. Sør-Terminalen er brukt av Saudia og Flynas, medan Nord-terminalen tener utanlandske flyselskap. Det er planar om å utvide flyplassen. Den kongelege terminalen vert nytta for viktige gjester, utanlandske statsoverhovud og den saudiarabiske kongefamilien. Ein del av flyplassen, King Abdullah flybase, vart nytta av koalisjonen sine B-52 bombefly under Operasjon Desert Storm i 1991.

Hamn[endre | endre wikiteksten]

Jidda hamn er den 32. travlaste hamna i verda (2008). Han tar hand om det meste av handelen ut frå Saudi-Arabia.

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Jidda har 35 venskapsbyar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Jeddah» frå Wikipedia på engelsk, den 17. desember 2015.
  • Farsi, Hani M.S. (Mohamed Said). Jidda: city of art: the sculptures and monuments. London: Stacey International, 1991. ISBN 0-905743-66-0
  • Facey, William & Grant, Gillian. Saudi-Arabia by the First Photographers. ISBN 0-905743-74-1
  • Tarabulsi, Mohammed Yosuf. Jidda: A Story of a City. Riyadh: King Fahd National Library, 2006. ISBN 9960-52-413-2
  • John F. Keane. Six months in the Hejaz : journeys to Mekka and Madinah 1877-1989. Manchester: Barzan Publishing, 2006. ISBN 0-9549701-1-X
  • Al-Khaldi, Ibrahim. The Bedouin Photographer - Al-Mosawwir Al-Badawi. Kuwait, 2004.
  • Badr El-Hage. Saudi-Arabia : caught in time 1861-1939. Published by Garnet, Reading, 1997. ISBN 1-85964-090-7
  • Captain G. S. Froster. A trip Across the Peninsula - Rehla Abr Al-Jazeera. Mombai, India, 1866.
  • From Bullard to Mr Chamberlain. Jidda, 1925 Feb. (No.# secrets) - Archived Post.
  • Al-Rehani. Nejd and Its Followers.
  • Al-Turki, Thuraya. Jidda: Um Al-Rakha wal Sheddah. Published by Dar Al-Shrooq.
  • Al-Harbi, Dalal. King Abdulaziz and his Strategies to deal with events : Events of Jidda. King Abdulaziz National Library, 2003. ISBN 9960-624-88-9
  • Didier, Charles. Séjour Chez Le Grand-Cherif De La Mekke. Librairie De L. Hachette et, Rue Pierre.
  • Didier, Charles. Rehla Ela Al-Hejaz: A trip to Hejaz. Translated from «Séjour Chez Le Grand-Cherif De La Mekke» into arabisk. Paris, 1854. ISBN 9960-677-14-1
  1. «Population». Statistical Yearbook 47 (2011). Central Department Of Statistics & Information. http://www.cdsi.gov.sa/yb47/Pages/MixChapter2.htm. Henta 15. november 2013. 
  2. «Abu Ras promises new Jidda». Saudigazette.com.sa. 2010-08-19. http://www.saudigazette.com.sa/index.cfm?method=home.regcon&contentID=2010081981360. Henta 16. desember 2015. 
  3. http://ae.zawya.com/story.cfm/sidZAWYA20100727050049/comment
  4. «2thinknow Innovation Cities™ Emerging 11 Index 2009 - Middle East, Afrika and Former USSR States | 2009». Innovation-cities.com. 2009-11-12. http://www.innovation-cities.com/emerging-middle-east-africa-city-index/. Henta 16. desember 2015. 
  5. Jayussi, Salma; Manṣūr Ibrāhīm Ḥāzimī; ʻIzzat ibn ʻAbd al-Majīd Khaṭṭāb Beyond the Dunes I B Tauris & Co Ltd (28. april 2006), s. 295. ISBN 978-1-85043-972-1 [1]
  6. Ibn Battota's Safari. Tuhfat Al-Nothaar Fe Gharaa'ib Al-Amsaar. Chapter: «From Cairo to Hejaz to Tunisia again». ISBN 9953-34-180-X
  7. History of Jidda. Ministry of hajj.
  8. «صحيفة عكاظ - جدة اليوم.. والعم وهيب». Okaz.com.sa. http://www.okaz.com.sa/okaz/osf/20060510/Con2006051016179.htm. Henta 16. desember 2015. 
  9. alalamonline (2010-03-10). «Alamlam Online». alalamonline.net. http://www.alalamonline.net/%D9%85%D8%B4%D8%B1%D9%88%D8%B9_%D8%A8%D9%88%D8%B1%D8%AA%D9%88_%D8%B4%D8%B9%D9%8A%D8%A8%D8%A9_%D8%A8%D9%85%D9%83%D9%87_%D9%8A%D8%AA%D9%83%D9%84%D9%81_%D9%85%D9%84%D9%8A%D8%A7%D8%B1%D9%8A_%D8%AF%D9%88%D9%84%D8%A7%D8%B1.html. Henta 16. desember 2015. 
  10. صحيفة عكاظ (2012-06-05). «صحيفة عكاظ - مقبرة النصارى». Okaz.com.sa. http://www.okaz.com.sa/new/Issues/20110605/Con20110605424473.htm. Henta 17. desember 2015. 
  11. «History of Arabia.» Britannica.com.
  12. Mekka Gate in Jidda. AsiaRooms.com.
  13. Caudill, Mark A. (2006). Twilight in the kingdom : understanding the saudiarbarar. Westport, Conn.: Praeger Security International. s. 133. ISBN 9780275992521. 
  14. Bosworth, C. Edmund (2007). Historic cities of the islamic world. Leiden: Brill. s. 223. ISBN 9789004153882. 
  15. Leaflet for Khuzam Palace Jidda, Deputy Ministry of Antiquities & Museums
  16. «Preserving Jidda's Historic Buildings.» Saudi-Arabia, Winter 1999, Volume 15, Number 4. Information Office, Royal Embassy of Saudi-Arabia.
  17. The Biet Nassif in Jidda at www.asiarooms.com
  18. 18,0 18,1 «Climate Normals for Jidda». National Oceanic and Atmospheric Administration. ftp://ftp.atdd.noaa.gov/pub/GCOS/WMO-Normals/RA-II/SD/41024.TXT. Henta 17. desember 2015. 
  19. Al-Sha'afi, Muhammad (1990). Foreign Trade of Juddah: During the Ottoman Period 1840-1916. King Saud University. 
  20. Commerce of Jidda. Saudi Water & Power Forum.
  21. Report about number of mosques. Al-Sharq Al-Awsat Newspaper.
  22. «Al Baik fast food». Albaik.com. http://www.albaik.com/en/section/albaik-talk/how-we-started. Henta 17. desember 2015. 
  23. Museums in Jidda i www.asiarooms.com
  24. Statistical summary of education in Saudi-Arabia. Statistical Information Department of the Ministry of Education.
  25. Burak Sansal (2006-11-20). «Sister cities of Istanbul». Greatistanbul.com. http://www.greatistanbul.com/sister_cities.htm. Henta 16. desember 2015. 
  26. «Sister cities of Taipei». Protocol.taipei.gov.tw. http://www.protocol.taipei.gov.tw/sister/esister.htm. Henta 16. desember 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Jidda