Abdullah Gül
Abdullah Gül | |||
| |||
Fødd | 29. oktober 1946 (78 år) Kayseri | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Tyrkia | ||
Parti | Adalet ve Kalkınma Partisi | ||
Yrke | politikar, diplomat, samfunnsøkonom | ||
Institusjonar | Sakarya University | ||
Utdanna ved | Kayseri Lyceum Istanbul University Faculty of Economics University of Exeter University of London University of Exeter Business School Universitetet i Istanbul | ||
Ektefelle | Hayrünnisa Gül | ||
Alle verv |
|
Abdullah Gül (fødd 29. oktober 1950 i Kayseri) var president i Tyrkia frå 2007 til 2014. Han høyrer til partiet AKP.
Gül har utdanning i økonomi frå Universitetet i Istanbul, med doktorgrad derfrå i 1983.[1] Han arbeidde som økonom ved den islamske utviklingsbanken i Jidda frå 1983 til 1991.[1]
Etter at AKP vann valet i 2002 var Gül var statsminister frå november 2002 til mars 2003.[1] Partileiaren Recep Tayyip Erdogan kunne ikkje verte statsminister fordi han var tidlegare straffedømd for religiøs verksemd. Då denne delen av grunnlova vart fjerna i 2003 trekte Gül seg som statsminister for at Erdogan skulle kunne ta over.[2] Gül vart vise-statsminister og utanriksminister i 2003 i Erdogans nye regjering. Som utanriksminister var Gül aktivt med i forhandlingane med EU om eit tyrkisk EU-medlemskap, noko han sjølv er tilhengjar av.
I april 2007 utnemnde regjeringa Erdogan Gül til sin kandidat for presidentposten, til harde protestar frå opposisjonen. Protestane kom i stor grad av Gül si fortid som islamist.[3][4] Gül vart vald til president 28. august 2007. 28. august 2014 tok Recep Tayyip Erdogan over embetet.
Personleg liv
[endre | endre wikiteksten]Abdullah Gül vart fødd i Kayseri 29. oktober 1950 som son til Adeviye Gül og Ahmet Hamdi Gül.[1]
I 1980 gifta Abdullah Gül seg med den då 15 år gamle kusina si, Hayrünnisa Özyurt (fødd 1965).[5] Paret har tre barn; to søner kalla Mehmet Emre og Ahmet Münir og ei dotter kalla Kübra. Gül er er fan av fotballklubben Beşiktaş J.K..[6]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «Presidency of the Republic of Turkey : Abdullah GÜL». Henta 11. juni 2013.
- ↑ «Turkish PM quits for Erdogan». CNN.com. 11. mars 2003. Henta 11. juni 2013.
- ↑ Gul sworn in as Turkey's first former Islamist president Daily Mail (29 August 2007). Besøkt 10. juni 2013.
- ↑ Turks elect ex-Islamist president BBC News (28 August 2007). Besøkt 10.juni 2013.
- ↑ Dündar, Can, Bir Evlilik Yıldönümü, henta 29. august 2007
- ↑ "Köşk'e üçüncü beşiktaşlı" (tyrkisk) Arkivert 2007-09-27 ved Wayback Machine., Haber3, April 24, 2007.