Abeng

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Abeng (frå twi abεŋ, abεn)[1] er eit blåseinstrument knytt til maroonarJamaica. Det er eit naturhorn som er blitt brukt til kommunikasjon og seremoniar, og er blitt eit symbol for maroonane.[2]

Ein abeng blir laga av eit dyrehorn, som regel kuhorn. Ein bles i det ved å ha leppene mot eit hol på sida av hornet. Tonen blir variert ved hjelp av å flytta tommelen over eit lite hol i tuppen av hornet.[3]

Maroonane har brukt det til å senda signal med frå den første maroonkrigen til nyare tid.[2][1] Lyden frå hornet kan herma etter tonelaget og rytmen i ei avgrensa gruppe twi-ord, slik at ein kan bruka det til å kommunisera over avstand. I konfliktar kunne det til dømes brukast til å fortelja om kor mange soldatar som nærma seg og kva rute dei tok, eller til å gje ordre til eigne soldatar, på ein måte berre maroonar forstod. Dette gjorde lyden frykta blant britiske soldatar, og ved kamp kunne det også blåsast kontinuerleg for å skremma dei.[3]

I dag blir hornet brukt til høgtider, til å kalla inn til folkemøte og til å dela viktige nyhende.[3] Hornet har ei viktig rolle i alle maroon-seremoniar.[4]

Abeng er både eit symbol for maroonar og for frigjering. På 1960-talet blei ei radikal avis på Jamaica kalla Abeng.[3] I 1984 gav Michelle Cliff ut romanen Abeng som tok for seg kolonihistoria til Jamaica.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «abeng, n.». OED Online. Oxford University Press. 2018. 
  2. 2,0 2,1 Pamela D. Reed. «Maroon community». Encyclopædia Britannica. «The town was guarded by armed sentinels, who used the abeng, the side-blown horn that came to symbolize the Jamaican maroons, to communicate with the troops.» 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 «Celebration of Jamaica's heritage». The Glener. 4. mars 2018. 
  4. «Maroon ‘Abeng blower’ perish in fire». The Gleaner. 17. mai 2015. «As the Abeng blower, Reid played an important role in the community as the instrument, which is made from an animal's horn and is trumpet-like, is traditionally used by the maroons to communicate messages, as well as in all major ceremonies.» 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]