Twi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Twi
Klassifisering Niger-kongo
 Atlantisk–kongo
  Kwa
   Potou–tano
    Tano
     Sentral tano
      Akan
Talarar Ashanti, akuapem, fante
Bruk
Twitalande i alt 9 millionar[1][2]
Språkkodar
ISO 639-1 tw (Twi)
ISO 639-2 twi
ISO 639-3 twi
Glottolog akua1239
Raphael talar twi

Twi (tɕᶣi), også kjend som Akan Kasa, er eit språk eller ein dialekt innan akan som blir tala i sørlege og sentrale Ghana av fleire millionar folk som morsmål eller andrespråk.[3][4] Det blir også tala av folk i søraustlege Elfenbeinskysten.

Dei fleste talarane høyrer til akanfolket, den største av rundt 17 hovudstammar i Ghana.

Twi omfattar to tidlege litterære former av akan, asante-twi (ashanti) og akuapem, som er gjensidig forståelege. Akuapem-twi var den første forma av akan som blei brukt til ei bibelomsetjing, og blei dermed ein prestisjedialekt.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. «Asante » Asante Twi (Less Commonly Taught Languages)». University of Michigan College of Literature, Science, and the Arts. University of Michigan. Arkivert frå originalen 15. mai 2016. Henta 15. oktober 2018. 
  2. «Asante – Asante Twi». ofm-tv.com. Arkivert frå originalen 30. april 2017. Henta 15. oktober 2018. 
  3. Jane Garry, Carl R. Galvez Rubino, "Facts about the World's Languages: An Encyclopedia of the World's Major Languages, Past and Present", H.W. Wilson, USA, 2001, page 8
  4. «Asante » Asante Twi». ofm-tv.com. Arkivert frå originalen 30. april 2017. Henta 15. oktober 2018. 
  5. Ager, Simon. «Omniglot». Henta 11. januar 2015.