Naturhorn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Naturhorn frå 1794-1857, no i samlinga til det svenske Scenkonstmuseet.

Naturhorn er horn eller trompetar utan ventilar som berre gjev naturtonar.[1] Naturhorn har historisk hatt seremoniell funksjon eller vore brukt ved jakt.[2][3]

Naturhorn eller naturtrompetar er vanlegvis laga i metall, tre, horn, elfenbein eller andre materiale. Nokre døme på naturhorn er lur, sjofar og abeng. Ein kan sjå på naturhorn som forløparar til dagens messingblåseinstrument. På 1600- og 1700-talen oppstod det sirkelforma posthornet og det engelske jernhornet og til slutt valthornet. På 1800-talet blei dei første trompetinstrumenta med to (seinare tre) ventilar laga, noko som gjorde at instrumenta kunne spela fleire tonar. Overgangsforma mellom naturhorn og moderne ventilhorn blir kalla klaffehorn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «naturhorn – musikk». Store norske leksikon (på norsk). 2017-02-22. 
  2. Norlind, Tobias: Musikinstrumentens historia : i ord och bild, 1941, s. 89-96. 
  3. «horn. Nationalencyklopedin». Henta 2017-11-14.