Aberdeen FC

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Aberdeen Football Club er ein skotsk fotballklubb i Aberdeen i Storbritannia, skipa 14. april 1903. Klubben deltek i det såkalla Scottish Premiership og har i alle år spelt i den øvste divisjonen i skotsk klubbfotball. Aberdeen har vunne fire ligatitlar og sju gongar sigra i den skotske fotballcupen. Høgdepunktet i klubbsoga er sigeren over Real Madrid i finalen i Cupvinnarcupen 1983. Leia av Alex Ferguson og med spelarar som Jim Leighton, Willie Miller, Alex McLeish og Gordon Strachan lukkast skottane vinne med 2 mot 1, sigersmålet kom i det 112. minutt.

Pittodrie Stadium i 2006

Aberdeen har spelt heimekampane på Pittodrie Stadium sidan klubben vart skipa. Stadion var det fyrste i Storbritannia som la om til einast sitjeplassar, i dag er det plass til 20 897 tilskodarar. Laget spelar i heilraude drakter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]