Hopp til innhald

Aberfoyle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aberfoyle
landsby
Hovudgata i Aberfoyle.
Foto: John McLeish
Land  Skottland
Region Stirling
Folketal 830 (2016)
Postnummer FK8
Kart
Aberfoyle
56°10′44″N 4°23′06″W / 56.179°N 4.385°W / 56.179; -4.385
Wikimedia Commons: Aberfoyle, Stirling

Aberfoyle (skotsk-gælisk Obar Phuill) er ein landsby i regionen Stirling i Skottland. Han har kring 850 innbyggjarar. Aberfoyle ligg ved elva Forth, like søraust for utspringet til elva i fjellkjeda the Trossachs. Han er innanfor grensa til Loch Lomond and the Trossachs nasjonalpark. Aberfoyle ligg om lag midt mellom byen Stirling i aust og Loch Lomond i vest, ca 40 kilometer nord for Glasgow.

Det var eit skiferbrot i åsen Craigmore (387 moh) frå om lag 1820 til 1950, i dag er turisme og skogbruk dei viktigaste næringsvegane i Aberfoyle.

Rob Roy vart fødd ikkje langt unna Aberfoyle, og landsbyen opptrer i romanen til Walter Scott om klanleiaren.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Aberfoyle