Loch Lomond

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Loch Lomond
innsjø
none
Land Flag of Scotland.svg Skottland
Tilsig River Endrick, Fruin Water,
River Falloch
Utløp River Leven
Høgd over havet 7.6 moh
Lengd 39 km
Breidd km
Volum 2,6 km³
Nedslagsfelt 696 km² km²
Areal 71 km²
Øyar 30+ (Inchcailloch, Inchmurrin, Inchfad)
Byar Balloch, Ardlui, Balmaha, Luss, Rowardennan, Tarbet
Wikimedia Commons: Loch Lomond

Loch Lomond (skotsk-gælisk Loch Laomainn) er ein innsjø i Skottland. Han er den største innsjøen på øya Storbritannia ut frå overflateareal og det ligg mange øyar i innsjøen, som Inchmurrin, den største øya i ein innsjø på Dei britiske øyane. Staden er ein populær feriestad og er omtalt i song.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Utsyn utover Loch Lomond mot nord ved Ben Lomond

Loch Lomond er ein innsjø som ligg i Highland-forkastinga, grensa mellom låglandet i det sentrale Skottland og Dei skotske høglanda. Innsjøen er 39 km lang og mellom 1,21 km og 8 km brei. Middeldjupna er kring 37 meter og den største djupna er 190 meter. Overflatearealet er 71 km² og han har eit volum på 2,6 km³. Av alle innsjøane på øya Storbritannia har han det største overflatearealet og det nest største vassvolumet etter Loch Ness.[1] Berre Lough Neagh i Nord-Irland er større på Dei britiske øyane.[2]

Tradisjonelt har innsjøen vore ei grense mellom Stirlingshire og Dunbartonshire, og Loch Lomond ligg for tida i regionane Stirling, Argyll and Bute og West Dunbartonshire. Sørsida av innsjøen ligg 23 km nord for Glasgow.

Loch Lomond er i dag ein del av of Loch Lomond and the Trossachs nasjonalpark. Ben Lomond ligg på austsida med ei høgd på 974 meter over havet.

Vegen A82 går langs vestsida av innsjøen. I lange tider var dette ein stad der det ofte oppstod trafikkork på grunn av mykje turistar her i sommarmånadane. Vegen vart oppgradert i 1980- og 1990-åra.

Øyar[endre | endre wikiteksten]

Frå toppen av øya Inchcailloch til Torrinch, Creinch, Inchmurrin og Ben Bowie

Innsjøen har over 30 øyar.[3]. Nokre av øyane kjem berre fram når vassnivået er lågt.[4]. Fleire av øyane er forholdsvis store til å ligge i innsjøar og Inchmurrin er til dømes den største øya i i ein innsjø på Dei britiske øyane.[5] Som i Loch Tay er fleire av øyane såkalla crannogs, kunstige øyar som vart bygde i førhistoriske tid.

På ein av øyane i innsjøen, Inchconnachan, finst det kenguru.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. "Scotland’s Water Environment Review 2000-2006" SEPA.
  2. Whitaker's Almanack (1991) London. J. Whitaker og Sons. s. 127.
  3. «Loch Lomond Islands– Inchmurrin». Loch Lomond.net. http://www.loch-lomond.net/islands/inchmurrin.html. Henta 31. august 2010. 
  4. «Introduction to Loch Lomond Islands». Loch Lomond, Callander og Trossachs. http://www.incallander.co.uk/øyar.htm. Henta 25 september 2008. 
  5. Worsley, Harry (1988). Loch Lomond: The Loch, the Lairds and the Legends. Glasgow: Lindsay Publications. ISBN 978-1-898169-34-5. 
  6. Scottish Daily Record, 06/06/2009 Colony of Wallabies set for cull

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]