Aberystwyth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aberystwyth
by
Land  Wales
Region Ceredigion
Areal 531,81 km²
Folketal 13 040 (2011)[1]
Kart
Aberystwyth
52°25′00″N 4°04′00″W / 52.416666666667°N 4.0666666666667°W / 52.416666666667; -4.0666666666667
Wikimedia Commons: Aberystwyth

Aberystwyth (engelsk uttale [æbəˈrɪstwɪθ], walisisk uttale [abɛrˈəstʊɨθ]) er ein by ved Cardigan Bay i Ceredigion i Wales.[2] Han er eit administrasjonssenter, gammal marknadsby og seinare feriestad i Nord-Wales. Byen blei grunnlagt i 1200 og hadde 17 183 innbyggjarar i 2016.[2] Aberystwyth er eit senter for walisisk kultur og ein universitetsby som huser rundt sju tusen studentar. University College of Wales blei skipa her i 1872, og husar nasjonalbiblioteket for Wales.[2]

Aberystwyth ligg nær samanløpet til elvene Ystwyth og Rheidol, som etterkvart munnar ut i havet omlag i midten av Cardiganbukta. Namnet på byen tyder 'munningen av Ystwyth'. Byen er omgjeven av tre åsar med utsyn over byen. På toppen Pen Dinas ligg ein stor festning frå jernalderen som framleis pregar horisonten.[2]

Aberystwyth Cliff Railway kabelbane går opp til Constitution Hill frå nordenden av strandpromenaden i byen. Dette er den lengste kabelbanen i Storbritannia.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]