Ceredigion

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ceredigion
Geografi
Areal
1 795 km²
Administrasjonsstad
Aberaeron / Aberystwyth
Demografi
Folketal
- Totalt (2007)
- Folketettleik

77 800
43,3 /km²

Ceredigion er eit grevskap i Wales. Det var tidlegare ein del av Dyfed og var før det kjent som Cardiganshire (walisisk Sir Aberteifi). Det grensar mot Gwynedd, Powys, Carmarthenshire og Pembrokeshire og mot vest ligg Cardiganbukta. Namnet tyder «Landet til Ceredig», som viser til sonen til Cunedda, ein høvding som skal ha erobra store delar av Wales kring 400-talet.

Grevskapet vart oppretta 1. april 1996. Mellom 1974 og 1996 utgjorde det eit distrikt i Dyfed. Då det vart oppretta fekk det det tradisjonelle namnet Cardiganshire, men dette vart endra til det walisiske Ceredigion dagen etter.

Dei kambriske fjella dekker mykje av den austlege delen av Ceredigion, medan det i sør og vest er eit flatare landskap. Høgaste punkt er Plynlimon, omkring 757 moh.. Fem elvar har utspring der: Severn, Wye, Dulas, Llyfnant og Rheidol. Den viktigaste elva er Teifi, som markerer grensa til Carmarthenshire og Pembrokeshire. Langs kystlinja er det fleire sandstrender.

Stader i Ceredigion[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]