Pen Dinas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bygdeborga frå jernalderen nordaust for Mynydd Gorddu Vindkraftspark med beiteområde for sauer rundt.

Pen Dinas er ei høgd sør for Aberystwyth på kysten av Ceredigion i Wales der det vart reist ei omfattande bygdeborg i jernalderen.

Namnet er meir korrekt «Dinas Maelor», noko som kan bli omsett til norsk som «Maelors festning» eller «Maelors by». Tradisjonen referer til det som festninga til kjempa Maelor Gawr.[1] Pen Dinas referer strengt tatt til berre det høgaste punktet, «Pen y Dinas» eller «Toppen av festninga» (der eit Wellington-monument står i dag). På den sørlege toppen er det òg reist ein gravhaug frå bronsealderen.

Tidsfasar[endre | endre wikiteksten]

Bygdeborga består eigenleg av to fråskilte festningar som vart bygd kvar for seg i ulike tidsepokar og som seinare vart kombinert i ein større struktur. Den første festninga som vart bygd var på den nedre nordlege toppen. Han består av ei ytre vollgrav og ein indre festningsvoll av steinfyll. Opphavleg hadde han vore omgjeve av ein palisade av tre. Hovudporten er på vestlege sida og danna av ein stein som gjev ei opninga i vollgrava og den indre vollen.

Etter at denne første festninga til slutt vart forlate gjekk det fleire tiåra før arbeidet byrja på eit nytt festningsverk på topp som låg høgare opp i sør. Den andre festninga er betre verna av ein brattare skråning på den vestlege sida. I sør og aust er store jordarbeid i terrassar vorte bygd møtt av leirskifer som igjen hadde vorte toppa med eit påleverk i form av ein palisade. Inngangen gjekk via ei opning i nord og sør. Dei er begge danna i form av ein smal passasje gjennom jordarbeidet og hadde òg bruer av tre for å krysse vollane. Den nordlege porten er bua mot venstre, truleg som eit forsvarsmiddel for å sinke åtakarar.

Til slutt vart den sørlege festninga òg forlate og det er bevis på at ein del av strukturen i tre ved den nordlege porten vart brunne. Dette kan ha vore ei følgje av fiendtleg åtak eller mangel på ressursar som førte til at festninga vart oppgjeve. Likevel vart forsvarsverket i den sørlege festninga ei tid seinare ombygd i ein annan struktur.

Den siste fasen til festninga var ombygginga av den nordlege seksjonen og konstruksjonen av festningsvollar som knytte dei to festningane saman og såleis lukka inne heile fjelltoppen. Då romarane kom til området ein gong rundt år 70 e.Kr. kan det ha ført til at festninga vart erobra eller at han hadde vorte forlate før den tida. Det einaste beviset på spor frå den romerske tida er eit forråd av mynt prega av romarane frå tidleg på 300-talet, moglegvis gjeve til ein heilagdom ved høgda.

Pen Dinas er ein av mange bygdeborger i området: bygdeborga ved landsbyen Bow Street og festninga Hen Gaer ligg rundt 6,5 km lengre nord, Goginan rundt 10 km i aust og Llanilar rundt 6,5 km i sør. Likevel er det mange trekk ved denne festninga som er felles med bygdeborger i aust, i grensetraktene mellom England og Wales (Welsh Marches), og som er ulikt frå ein del andre walisiske bygdeborger. Dette kan tyde at Pen Dinas vart bygd av menneske som flytta inn i dette området frå aust ein gong rundt 300 f.Kr (Stanford, 1972).

Arkeologiske funn frå Pen Dinas er få. Han einaste arkeologiske utgravinga som hittil er gjort er dei som vart leia av professor Daryll Forde i åra mellom 1933 og 1937, der det vart funne fragment av ein keramisk skål av ein type som er datert til rundt 100 f.Kr, og dessutan vart det funne perlehalsband, vekter frå ein vevstol, og fragment av korrodert jarn og bronse.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Wmffre, Iwan, 'Pendinas': The Place-Names of Cardiganshire, bind III, ss. 993-994 (BRA British Serie sin 379 (III), 2004, ISBN 1-84171-665-0)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 52°28′9.52″N 3°57′7.20″W