Abimelek

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Abimelek gjev Sara tilbake til Abraham.

Abimelek er eit namn som går att i Den hebraiske bibelen. Det viser til to filistarkongar og ein israelitt, i tillegg til ein bruk i Salmane der det kan visa til filistarkongen Akisj.

Kong Abimelek[endre | endre wikiteksten]

  1. Abimelek er konge i GerarAbraham si tid. Abraham seier at Sara er syster hans, ikkje kona.[1] Kongen vil då ta henne til kone, men finn ut i ein draum frå Gud at ho eigentleg er Abraham si kone. Abraham forklarer kvifor han laug: «Eg tenkte: På denne staden finst det inga gudsfrykt. Dei kjem til å drepa meg på grunn av kona mi.»[2] Etter at han finn ut sanninga sluttar kongen ei pakt med Abraham. Staden der pakten blei slutta blei Beer-Sjeba.[3]
  2. Abimelek er konge i Gerar på Isak si tid. Isak seier at Rebekka er syster hans, ikkje kona, «fordi han var redd dei skulle slå han i hel på grunn av Rebekka.»[4] Abimelek får sjå at Isak kjærteikner Rebekka, og forstår at ho er kona hans. Han gjev ordrer om at verken mann eller kone skal rørast.[5] Også denne Abimelek sluttar ei pakt med Isak ved Beer-Sjeba.[6]

Dommaren Abimelek[endre | endre wikiteksten]

Dommaren Abimelek døyr. Doré's English Bible, 1866.

Dommaren Abimelek er son av Gideon,[7] og prøver etter at faren er død urettmessig å gjera seg sjølv til konge. Han sørgar for å drepa 69 av brørne sine, bortsett frå Jotam, som kjem unna. I tre år kjempar han for styret sitt, men til slutt døyr han i kamp etter at ei kvinne kastar ein kvernstein i hovudet på han.[8]

Abimelek i Salmane[endre | endre wikiteksten]

Salme 34 blir omtalt som «Av David, då han bar seg som galen hos Abimelek, så han vart jaga bort og gjekk sin veg».[9] Omtalen passar med det som skjer hjå kong Akisj av Gat som er omtalt i 1. Samuelsbok.[10] Denne boka omtalar også ein «Ahimelek».

Abimelek i apokryf litteratur[endre | endre wikiteksten]

Kong Abimelek av Gerar er nemnd i kristen apokryf litteratur som Kitab al-Magall, Skattehola og den orientalske Adamsboka som ein av 12 småkongar på Abraham si tid. Han skal ha bygd Jerusalem for Melkisedek.

Abimelek i kulturen[endre | endre wikiteksten]

Abimelech er eit oratorium på engelsk skrive av Christopher Smart og tonesett av Samuel Arnold. Det blei først framført i London i 1768, og i revidert versjon i 1772. Oratoriet fortel soga om Abraham, Sara og kong Abimelek med vekt på sjalusi og truskap mellom ektefolk.

I Saint-Saëns sin opera Samson et Dalila frå 1877 er Abimélech ein satrap av Gaza.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1 Mos 20 ved Bibel.no
  2. 1 Mos 20,11 ved Bibel.no
  3. 1 Mos 21,31 ved Bibel.no
  4. 1 Mos 26,7 ved Bibel.no
  5. 1 Mos 26,11 ved Bibel.no
  6. 1 Mos 26,26-33 ved Bibel.no
  7. Dom 8 31 ved Bibel.no
  8. Dom 9 ved Bibel.no
  9.  Sal 34,1 ved Bibel.no
  10. 1 Sam 21,10–14 ved Bibel.no