Abiskojåkka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Koordinatar: 68°22′N 18°47′E
Abiskojokk
Abiskojåkka, Ábeskoeatnu
elv
none
Land Flag of Sweden.svg Sverige
Län Norrbotten
Kommune Kiruna
Nedslagsfelt 544 km²
Lengd 40 km

Abiskojåkka (nordsamisk Ábeskoeatnu) er ei fjellelv i Abisko nasjonalpark i det nordlege Lappland i Sverige. Ho har eit nedslagsfelt på 544 km², hovudsakleg høgfjellsområde. Den øvre delen av elva vert kalla Kamajåkka og renn ut i innsjøen Abiskojaure, 488 meter over havet, som elva òg er oppkalla etter.

Elva renn vidare ti kilometer nordover og renn ut i innsjøen Torneträsk i nærleiken av Abisko.

Abiskojåkka har ei lengd på cirka 40 kilometer. Ho er den største tilførselselva til Torneträsk og er dermed òg den største sideelva til Torne älv.

Den totale fallhøgda til Torneträsk, rekna frå Abiskojaure, er 147 meter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]