Abrahamittiske religionar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Forteljinga om korleis Abraham blir hindra i å ofra sonen sin i siste augneblink er ein viktig del av dei abrahamittiske religionane. Måleri av Rembrandt (1635)

Abrahamittiske religionar er ei samlenemning brukt innan samanliknande religion om monoteistiske religionar som skriv seg tilbake til patriarken Abraham. Dei tradisjonelle abrahamittiske religionane er jødedommen, kristendommen og islam. I tillegg blir nokre gonger bahai, drusismen, mandeismen, rastafarirørsla og sikhismen rekna som abrahamittiske religionar i og med opphavet sitt i ein eller fleire av dei tre abrahamittiske kjernereligionane.

Det finst ingen fastsett definisjon på omgrepet, og nokre medlemmer av dei ulike religionane kan føla seg støtte av at ein prøver å plassera dei innan ein slik religiøs tradisjon. Andre ønskjer derimot å framheva slektskapen mellom religionane.

Felles for dei abrahamittiske religionane er likevel at dei tek meir eller mindre utgangspunkt i jødedommen slik han blei praktisert i Israel og Judea ved byrjinga av det første tusenåret før vår tidsrekning. Dei har òg til felles at dei ser på patriarken Abraham som ein andeleg eller kjødeleg stamfar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]