Judea

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Judea
region
Kart over dei tolv stammene i Israel
Land  Israel,  Palestina
Del av Israels land
Koordinatar 31°41′56″N 35°18′23″E
Kart
Judea
31°41′56″ N 35°18′23″ E
Wikimedia Commons: Judea

Judea (hebraisk יהודה, Yəhuda, tiberhebraisk Yəhûḏāh, arabisk يهودية, Yahudia, gresk Ἰουδαία, Ioudaía) er ei nemning på eit område sør i Vestbreidda der jødar slo seg ned etter eksilet i Babylonia.[1][2] Judea er ei gresk-latinsk form av det arameiske jehud, av hebraisk for 'prise'.[3] Namnet på regionen vart framleis nytta etter den babylonske erobringa og persisk, hellenistisk og romersk tid. Som følgje av Bar Kokhba-opprøret i 135 evt. fekk regionen nytt namn og vart slått saman med Romersk Syria til Syria Palaestina av den sigrande romerske keisaren Hadrian. Omgrepet Judea som geografisk omgrep vart offisielt henta fram att på 1900-talet som ein del av det idraelske distriktnamnet på det meste av VestbreiddaJudea- og Samaria-området.[treng kjelde]

Judea låg sør for Samaria og nord for Idumea, mellom Middelhavet og Dødehavet. Området blei mykje utvida under av makkabearane.

Judeafjella

Judea med naboområde blei eit vasallrike under Romarriket i det første hundreåret f.Kr. og ein romersk provins frå år 6.[4]

Området er i dag er delt mellom Israel og Vestbreidda, og i nokre samanhengar, Jordan.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Middelhavseik og terebintskog i Elahdalen, sørvest i Judea.

Judea er eit fjellendt område og delar av området vert rekna som ein ørken. Høgda varierer mykje, frå 1 020 moh i sør ved Hebron-fjellet, 30 km sørvest for Jerusalem, og fell så mykje som til 400 meter under havnivå aust i regionen. Området får lite nedbør, frå kring 400–500 mm i dei vestlege åsane, til kring 600 mm kring Vest-Jerusalem (sentralt i Judea), og så attende til 400 mm i Aust-Jerusalem og berre kring 100 mm i austlege område på grunn av ein regnskugge. Dette tørraste området vert kalla Judeaørkenen. Klimaet varierer såleis mellom middelhavsklima i vest og ørkenklima i aust, medn ei smal stripe steppeklima i mellom.

Dei største byane i regionen er Jerusalem, Betlehem, Gush Etzion, Jeriko og Hebron.[5]

Geografar deler Judea inn i fleire regionar: Hebronåsane, Jerusalemsadelen, Bethelåsane og Judeaørkenen aust for Jerusalem, som fell i fleire steg ned til Daudehavet. Åsane markerer seg med ein antiklin struktur. I antikken var desse åsane skogkledde, og i Bibelen er det skildra jordbruk og sauehald i området. Det er framleis dyr som beitar her, med gjetarar som flyttar dei opp til åstoppane om sommaren. Det jødiske opprøret mot romarane enda i at store område vart øydelagt på landsbygda i Judea.[6]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. A History of the Israeli-Palestinian Conflict – Mark A. Tessler – Google Books. Books.google.com. Henta 1. oktober 2014. 
  2. http://www.nytimes.com/2008/12/05/world/middleeast/05mideast.html?_r=0
  3. «Judah, Kingdom of». Jewish Encyclopedia. Henta 1. oktober 2014. 
  4. Benjamin Isaac The Near East under Roman Rule: Selected Papers (Leiden: Brill 1998). Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  5. «Picturesque Palestina I: Jerusalem, Judah, Efraim». Lifeintheholyland.com. Henta 1. oktober 2014. 
  6. «Unlikely A Tale of Two Conquests: The Unlikely Numismatic Association Between the Fall of New France (AD 1760) and the Fall of Judea (AD 70)». Ansmagazine.com. Arkivert frå originalen 7. juli 2012. Henta 1. oktober 2014. 
  • Kapelrud, Arvid S. (13. desember 2012). Judea, Store norske leksikon. Henta 19. november 2013.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Judea