Abuja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjå òg regionen Abuja, eit føderalt distrikt i Nigeria.
Abuja
Horisonten til Abuja
Horisonten til Abuja
Styresmakter
Land
Territorium
 Nigeria
Federal Capital Territory
Minister Bala Mohammed
Geografi
Flatevidd
 - by

713 km²
Innbyggjarar
 - by (2006)
   - folketettleik

776 298
  1 100/km²
Diverse anna
Nettstad: fct.gov.ng/fcta/

Abuja er offisiell hovudstad i Nigeria og har vore det sidan 12. desember 1991. Byen blei først til på 1970-talet då ein vedtok å flytta hovudstaden hit, midt i landet, frå Lagos, som ligg ved kysten i sør. Abuja er ein planlagd by som framleis er i vekst. Ein reknar med at folketalet er på rundt ein million.

Byen er bygd på Chukukuåsane, men er prega av to fjellformasjonar i nærleiken, Zuma og Aso. Zuma skal vera det geografiske midtpunktet i Nigeria. Fjellet blir kalla «Porten til Abuja», og grensa mellom hovudstatsterritoriet og delstaten Niger går her.

Aso ligg nord for Abuja, og byen spreier seg ut frå foten av fjellet. Tidlegare låg landsbyen Asokoro her, men nå er han og innbyggjarane hans blitt ein del av byen.

Abuja er kalla opp etter emiratet Abuja, som vart grunnlagt i 1828. Namnet tyder Abu den Raude, som var namnet til grunnleggjaren. Hovudstadsterritoriet ligg rett sør for det gamle emiratet, som no heiter Suleja.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]