Lagos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Lagos i Portugal.
Lagos (Èkó)
by
none  Lagos sett frå Ikoyibukta.
Lagos sett frå Ikoyibukta.
Land Flag of Nigeria.svg Nigeria
Areal 999,6 km²
Folketal 13 123 000 (2016)
Tidssone WAT
Wikimedia Commons: Lagos, Nigeria
Marknad i Lagos

Lagos (joruba Èkó) er den største byen i Nigeria og ein av dei største i Afrika. Han har rundt 13 millionar innbyggjarar (2015). Byen var tidlegare hovudstad i Nigeria, men vart erstatta av Abuja i 1991.

Lagos ligg ved Guineabukta, delvis på dei to øyane Lagos Island og Iddo mellom Beninbukta og Lagoslagunen. Dei ulike bydelane er bunde saman av bruer og vegar bygd på demningar. [1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Lagos Island blei folkesett på midten av 1600-tallet, og blei eit blomstrande handelssenter for mellom anna den transatlantiske slavehandelen. Byen kom under britisk kontroll i 1861, og var frå 1866 til 1874 del av Britisk Vest-Afrika og seinare Gullkysten. I 1906 blei området innlemma i Sør-Nigeria. Lagos var hovudstad for Nigeria frå 1914 (frå 1954 som føderalt distrikt).[1] Han blei erstatta som delstatshovudstad i Lagos State i 1975, då Ikeja fekk denne funksjonen. I 1991 blei statusen som hovudstad for heile landet overført til Abuja.[2] I ein overgangsperiode heldt Lagos på mange av hovudstadsfunksjonane, men desse blei etterkvart flytta.[1]

Geografi og økonomi[endre | endre wikiteksten]

Kart over det tradisjonelle kjerneområdet til Lagos med dagens distrikt. Storbyområdet Lagos er større.

Lagos er ein viktig hamneby, og står for ein stor del av utanrikshandelen til Nigeria. Han har ei hamn i sjølve byen og moderne hamner på Tin Can Island og på fastlandet i bydelen Apapa. I Apapa byrjer også jernbanelinja som går nordover til Kano og Nguru. Her ligg også mesteparten av industrien, som omfattar næringsmiddel-, tekstil-, sko-, såpe-, karosseri- og sementfabrikkar. Den internasjonale lufthamna ligg nord for Lagos, i delstatshovudstaden Ikeja.

Lagos er også ein av verdas raskast veksande byar. I 1950 hadde han berre 290 000 innbyggjarar. I 2016 hadde storbyområdet Lagos rundt 13 123 000 innbyggjarar (estimat for 2015, SN sin befolkningsdivisjon).[1] Den kraftige veksten har ført til store pressproblem og vanskelege trafikkforhold.[1]

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Water House på Lagos Island, bygd av den tidlegare brasilianske slaven Joao Esan da Rocha og skildra av forfattaren Antônio Olinto.

Lagos er sete for nasjonalmuseet og nasjonalbiblioteket i Nigeria.

Byen er kjend for eit rikt natteliv.[3][4] Han har vore årestad for ei rekkje ulike musikkstilar, som sakaramusikk, nigeriansk hip-hop, highlife, juju, fuji og afrobeat.[5]

Lagos er sentrum for den nigerianske filmindustrien, som ofte blir kalla «Nollywood». Mange filmar blir laga i Festac i Lagos.[6] Idumota-marknaden på Lagos Island er den største distribusjonsstaden. I Iganmu ligg National Arts Theatre, eit hovudsenter for utøvande kunst i Nigeria.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

University of Lagos (UNILAG) blei skipa i 1962. Delstatsuniversitetet Lagos State University (LASU) er eit universitet med fleire campusar som blei skipa i 1984. Pan-Atlantic University er eit privat universitet som byrja som Lagos Business School (LBS) i 1991. National Open University of Nigeria blei opna i 2002. Caleb University er eit privat universitet frå 2008.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 «Lagos: by i Nigeria», Store norske leksikon., 27. mars 2016, https://snl.no/Lagos_-_by_i_Nigeria 
  2. «Lagos», Encyclopædia Britannica, Encyclopædia Britannica, inc., 21. desember 2016, https://www.britannica.com/place/Lagos-Nigeria 
  3. The University of Michigan (1992). Post Report. United States Department of State. s. 16. 
  4. Omiko Awa (21 June 2015), A Peep Into The Glamour, Glitz Of Lagos Nightlife, The Guardian, http://guardian.ng/sunday-magazine/newsfeature/a-peep-into-the-glamour-glitz-of-lagos-nightlife/, henta March 26, 2016 
  5. Ayodele Ganiu (2011). «The contribution of the Creative Economy to African Cities: A Case Study of Lagos Creative Sector & Its Potential». http://www.arterialnetwork.org/uploads/2011/12/Ayodeles_Presentation.pdf. Henta 4 April 2012. 
  6. «Yoruba Travelling Theatre & Video Film». http://www.jpanafrican.com/docs/vol4no5/4.5Nollywood.pdf. Henta 4 April 2012. 
Spire Denne geografiartikkelen som har med Nigeria å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.