Adèle Söderberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Adèle Söderberg
Fødd 17. mai 1880
Stockholm
Død

3. mars 1915
Stockholm

Yrke kunstmålar, illustratør

Adelaide (Adèle) Margareta Söderberg (17. mai 18803. mars 1916) var ein svensk målar, illustratør og grafikar. Ho arbeidde hovudsakleg med portrett og illustrasjonsoppdrag.[1]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Adèle Söderberg var dotter av kunstnaren Johan Adolf Carlsson Söderberg og Anna Margareta Vikner. Ho var syster av kunstnaren Hildur Andrea Söderberg.[1]

Söderberg studerte ved Kungliga Akademien för de fria konsterna 1899-1904, der ho blant anna vann den kongelege medaljen. På den same tida vitja ho også Axel Tallberg sin etsingskule. Saman med Maja Setterberg stilte ho ut ved Hultbergs konsthandel i Stockholm og tok del i ei samlingsutstilling i Gävle. Produksjonen hennar spreidde seg over eit breitt register, og omfatta både store dekorative stykke og små eventyrstykke, marine måleri, interiør, portrett og landskapsmåleri. Ho blei verande ugift.[1]-->

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 *Svenskt konstnärslexikon del V, side 366, Allhems Förlag, Malmö. Libris 8390293