Adak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne artikkelen handlar om tettstaden i Sverige. For tettstaden i Alaska, sjå Adak i Alaska.

Koordinatar: 65°21′4″ N 18°35′27″ E Adak er ein liten tettstad i Malå kommun i Västerbottens län i Sverige. Adak er omgjeven av myrområda Stora Adakträsket og Lilla Adakträsket. Gjennom Adak renn òg Adakbäcken og Skäppträskån. Adakgruvan var eit gruvesamfunn ca. 3 km nord for Adak, samt ein av Bolidens kopargruver fram til 1978.

Kvar sommar blir det arrangert ein filmfestival i Adak.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]