Tigrayregionen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over Etiopia med Tigrayregionen.

Tigrayregionen er den nordlegaste av dei ni regionane (kililoch) i Etiopia. Den største folkegruppa her er tigrayfolk. Hovudstaden er Mek'ele.

Tigray grensar til Eritrea i nord, Sudan i vest og dei etiopiske regionane Afar i aust og Amhara i sør. I tillegg til Mek'ele er større byar Abiy Adi, Adigrat, Adwa, Aksum, Himora, Inda Selassie, Korem, Alamata, Maychew, Wukro og Zalambessa.