Adolf Anderssen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Adolf Anderssen

Statsborgarskap Kongedømet Preussen, Det tyske keisardømet
Fødd 6. juli 1818
Wrocław
Død

13. mars 1879 (60 år)
Wrocław

Yrke sjakkspelar, faglitterær forfattar, sjakkomponist
Språk tysk
Ektefelle ingen verdi
Adolf Anderssen på Commons

Karl Ernst Adolf Anderssen (6. juli 181813. mars 1879), fødd og død i Breslau, Preussen, var ein sjakkspelar frå Tyskland som i ein periode blei rekna som verdas sterkaste spelar. Han er mellom anna kjend som vinnaren av to av dei mest kjende sjakkpartia i sjakkhistoria, «det udødelege partiet» mot Lionel Kieseritzky i 1851, og «det eviggrønne partiet» mot Jean Dufresne.

Adolf Anderssen vann dei tre største turneringane som blei arrangert medan han levde, – London 1851, London 1862 og Baden-Baden 1870. Etter sigeren i turneringa i 1851 blei han rekna som verdas sterkaste sjakkspelar, fram til han tapte ein tvikamp mot amerikanaren Paul Morphy i 1858. Etter at Paul Morphy slutta å spele sjakk eit par år etterpå var Adolf Anderssen kanskje igjen verdas sterkaste aktive spelar. Men i 1866 tapte han ein ny tvikamp, mot Wilhelm Steinitz, som deretter kunne reknast som verdas sterkaste spelar, uoffisiell verdsmeister i sjakk.