Adria

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Frå midtbyen av Adria

Adria er ein by og ein kommune i provinsen Rovigo i Veneto i Italia. Kommunen har vel 20 000 ibuarar og eit areal på 113,5 km². Byen ligg mellom utløpa til elvane Po og Adige.

Den etruskiske byen Hatria ligg 3-4 meter under marknivået i dagens by Adria. Adriahavet har namn etter byen, noko som viser kor viktig byen var i antikken, då havsnamnet vart til. Adria ligg nær 20 kilometer frå Adriahavet, dit det er båtsamband gjennom kanalar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]