Adriaen Brouwer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Adriaen Brouwer
Portrait of Adriaen Brouwer by Anthony van Dyck.jpg
Anthonis van Dyck: Adriaen Brouwer
Fødd 1605
Oudenaarde
Død

1638
Antwerpen

Sjanger sjangermåleri
Yrke kunstmålar

Adriaen Brouwer (1605januar 1638) var ein flamsk sjangermålar som var aktiv i Flandern og Dei sameinte Nederlanda under stilperioden barokken. Han er særleg kjend for sine motiv frå det samtidige bondelivet.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

'Den bitre drykken'
'Bønder spelar kort i ei skjenkestove'

Brouwer var fødd i Oudenaarde. I unge år flytta han til Haarlem, truleg via Antwerpen, der han var elev av Frans Hals, samstundes med Adriaen van Ostade. Han var også aktiv med framføring av skodespel og poesi. Fram til 1631 budde han i Haarlem og Amsterdam, deretter flytta han tilbake til Antwerpen i dei spanske Nederlanda. Frå 1631-32 var han medlem av Sint-Lucasgildet i byen, og av diktarlauget kalla De Violieren.

Tradisjonen vil ha det til at Brouwer brukte mykje av tida si i ølstovene i Flandern og Holland. Dei fleste arbeida hans er detaljerte og små. Ofte med drankarar, rangelliv og dumskap som tema i søkinga etter menneskelege kjensler og uttrykk, samt utslag av smerte, frykt og andre sanselege opplevingar. Den bitre drykken er eit døme på eit verk som skildrar slike reaksjonar, i dette tilfellet på smakssansen. Arbeida hans var populære, så mykje at forfalskingar var i sal allereie medan han levde. Både Peter Paul Rubens og Rembrandt eigde fleire av arbeida hans. Trass i omfattande interesse for måleria hans, synest det som om Brouwer livet gjennom hadde økonomiske vanskar.

32 år gammal døydde han i Antwerpen i ein pest. Han vart fyrst gravlagd i ei folkegrav, men etter pådriv frå medlemer av målarlauget vart han gravlagd på nytt den 1. februar 1638 i karmelitt-kyrkja i byen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Adriaen Brouwer